Gir ein million kroner til nytt vitensenter

Fylkesutvalet har samrøystes vedteke å gje ein million kroner i driftsstøtte til det nye Vitensenteret i Sogn og Fjordane, ViteMeir.

OPNAR: Det nye vitensenteret i Kaupanger skal opne til hausten. (Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B)
OPNAR: Det nye vitensenteret i Kaupanger skal opne til hausten. (Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B)

ViteMeir skal opne i Kaupanger til hausten 2021. Dermed blir det to vitensenter i fylket. Det andre vitensenteret, VilVite, ligg i Bergen. Fylkeskommunen er medeigar i begge.

Kunnskap som samfunnet treng

– Dei regionale vitensentera er viktige aktørar innanfor realfagsutdanninga. Dette er populærvitskapelege opplevings- og læringssenter som skal skape interesse for matematikk, naturvitskap og teknologi gjennom eksperiment og interaktiv formidling. Dei er dermed med på å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida, seier fylkesordførar Jon Askeland.

ViVite i Bergen har fått ei årleg driftsstøtte på tre millionar kroner. Begge vitensentera har i tillegg søkt om midlar til eingongsinvesteringar til utstillingar og fornying av desse. ViteMeir søkjer om mellom tre og åtte millionar kroner, mens VilVite søkjer om seks millionar kroner til tre ulike prosjekt.

Til fylkestinget

Fylkesutvalet vedtok å utsetje handsaming av desse investeringsmidlane og ber om at søknadane blir vurdert i samband med disponering av overskotet for 2020. Etter forslag frå Framstegspartiet vedtok fylkesutvalet samrøystes at fylkestinget skal behandle saka om investeringsmidlane på fylkestinget 9. og 10. mars. Fylkesordførar Jon Askeland understrekar at det blir opp til fylkestinget i møtet å bestemme om saka skal bli behandla då.