Fylkestinget opprettar «koronafond»

– Vi reknar med å få etterverknader etter pandemien i fleire år framover, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har sett av 52 millionar kroner i eit «koronafond». I tillegg har fylkestinget sett av 68 mill. kr til andre «koronatiltak» under handsaminga av årsrekneskap for 2020.

HJELPETILTAK: Fylkestinget har brukt 32,9 millionar kroner på strakstiltak for elevar i vidaregåande skule. (foto: Shutterstock/Vestland fylkeskommune)
HJELPETILTAK: Fylkestinget har brukt 32,9 millionar kroner på strakstiltak for elevar i vidaregåande skule. (foto: Shutterstock/Vestland fylkeskommune)

Pengane er ein del av mindreforbruket i den fylkeskommunale drifta i fjor. Dette mindrebruket utgjer totalt 215,8 millionar kroner.

– Ein stor del av mindreforbruket vårt i 2020 kjem av koronapandemien. Dette utgjer 120 millionar kroner som vi difor vil bruke på tiltak som kan bøte på konsekvensane. Etter kvart som vaksineringa blir gjennomført, vonar vi at dei største utslaga av pandemien er  overstått, men vi reknar med at vi også i tida framover, kanskje fleire år, vil få etterverknader. Difor opprettar vi eit fond som vi kan bruke ved behov. Delar av midlane er også offentlege tilskot vi har motteke som koronaretta tiltak. Difor skal vi, som ansvarleg forvaltar av fellesskapet sine midlar, nytte midlane som forventa, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Hjelpetiltak for elevar og lærlingar

I tillegg til fondet på 52 millionar kroner, har Vestland fylkesting vedteke å bruke 32,9 millionar til strakstiltak innan opplæring. Mykje av pengane er alt brukt på skulane, og som hjelpetiltak for elevane etter vedtak i fylkestinget i mars. Der vart pengane fordelt med inntil 12,9 mill. kr for å redusere talet på elevar med «Ikkje vurdert» eller stryk. I tillegg gjekk inntil 20 millionar kroner til psykososiale tiltak for elevar og lærlingar.

Resten av dei 120 millionane som er relatert til koronaen, er fordelt med 10 millionar til fleksible kontorløysingar og heimekontor, 15 millionar til tiltak innan kultur, idrett og inkludering og 10 millionar til tiltak knytt til innovasjon og næring.

Godt økonomisk år

– Det første budsjettet for Vestland fylkeskommune var stramt, men godt. Den første rekneskapen viser god budsjettdisiplin og eit godt økonomisk år, seier fylkesordføraren. I 2020 hadde fylkeskommunen eit netto driftsresultat på over ein milliard kroner. Det utgjer 7,4 prosent av driftsinntektene.

Resten av mindreforbruket i 2020 har fylkestinget i hovudsak vedteke å bruke slik: 

  • Dei to vitensentra i fylket skal få 11 millionar  
  • Havbyen Bergen 350 000  
  • Vestland i historia og skulen (forprosjekt) 300 000  
  • Tannhelsetenesta (tiltak til kompetanseutvikling) 2 millionar  
  • Utbygging av kollektivterminal og turistsenter i Omn 3 i Odda 7,5 millionar 
  • Stillingar for trainees 1,5 millionar 
  • Breibandsutbygging 10 millionar 
  • Søknader innan kultur idrett og inkludering 10 millionar 
  • Søknader innan innovasjon og næring 10 millionar 
  • Akvariet 500 000 i støtte og 500 000 til opplæring for at elevar i vidaregåande skule skal kunna vitja (vilkår om gratis tilgjenge for elevane ved besøk) 
  • «Guttas campus» 300 000 kroner 
  • Organisasjonen Springbrett for ungdom 70 000 kroner til prosjektet «Sommer med Springbrett for ungdom
  • 25 millionar til avdrag på lån