Fylkeskommunen doblar talet på sommarvikarar – lyser ut 100 stillingar

Rett etter påske lyser Vestland fylkeskommune ut inntil 100 sommarvikariat for skuleelevar og studentar over heile fylket. Fylkeskommunen doblar med dette talet på slike sommarjobbar frå i fjor.

SOMMARJOBB: Unge i Vestland kan få sommarjobb i fylkeskommunen.
SOMMARJOBB: Unge i Vestland kan få sommarjobb i fylkeskommunen.

– Som følgje av koronapandemien ser vi at det er langt færre sommarjobbar tilgjengeleg rundt om i år. Difor strekkjer vi oss litt ekstra for å kunne tilby fleire slike oppgåver dette spesielle året. Vi veit det betyr mykje for mange å kunne skaffe seg slik eiga inntekt, og dette er eit handslag til ungdommane våre i ei krevjande tid, seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune.

Viktig første møte med arbeidslivet

Sjølv hadde han sin første sommarjobb som avisbod for Bergens Tidende i heimtraktene på Radøy. Pengane han tente, vart nytta til kjøp av ny sykkel.

– Eg hugsar enno den gode kjensla av å tene mine eigne pengar. For mange ungdommar er sommarjobb det første møtet med arbeidslivet. Dette er ein viktig del av danninga hos unge menneske. Som ansvarlege for vidaregåande opplæring er vi opptekne av at dette skal vere ei lærerik og positiv erfaring, som ungdommane kan byggje vidare på i si personlege utvikling, understrekar Askeland.

Sommarjobbar over heile fylket

Sommarjobbane som fylkeskommunen tilbyr, vil hovudsakeleg vere oppgåver knytt til drift, vedlikehald og reinhald ved dei 45 vidaregåande skulane som er lokalisert over heile fylket.  For at flest mogleg skal få jobb, vil lengda på oppdraga i gjennomsnitt vere to til tre veker. Det krevst inga særskilt erfaring for å utføre desse oppgåvene og sommarvikarane vil få opplæring og rettleiing i arbeidet.

Stillingane vert lyste ut på nettsida til Vestland fylkeskommune, vlfk.no, etter påske.