Fleire får ta fagbrev på jobb

– Dette er ei etterspurd ordning. Den vil hjelpe bedrifter og tilsette som er råka av koronakrisa, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet vil bruke fem millionar kroner på ordninga fagbrev på jobb. Tilsette som er permitterte eller står i fare for å bli permittert, blir prioritert.

Snekkar med hjem og hammar på jobb.
POPULÆRT: Mange innan bygg og anlegg tek fagbrev på jobb. Foto: Shutterstock

Fagbrev på jobb er eit tilbod til tilsette som har allsidig praksis, men ikkje fagutdanning. Gjennom eit samarbeid mellom den tilsette, arbeidsgjevar og fylkeskommunen, kan den tilsette ta fagbrev på jobben. Fylkeskommunen får ulike statlege tilskot som blir brukt som betaling til bedriftene som inngår avtale om fagbrev på jobb. Gjennomsnittlig lengde på ein avtale er 18 månader og koster om lag 110 000 kroner pr. år. Dette vil gje i underkant av 30 nye kontraktar. 

Ettertrakta 

– Det er ei god ordning som er ettertrakta i arbeidslivet. Den gir ein kortare og meir effektiv veg til fagbrev. Ordninga er viktig å nytte for å dekke behovet for kompetanse i arbeidslivet. Vi vil prioritere bransjar med størst behov for kompetanse, etter råd frå yrkesopplæringsnemnda. I lys av den alvorlege situasjonen, som no er i arbeidsmarknaden, kan auka satsing på fagbrev på jobb føre til at fleire får ta fagbrev og etter kvart høve til fast stilling, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Mest innan helse og oppvekst 

Fram til no har fagbrev på jobb blitt mest brukt innan helse- og oppvekstfag, og bygg- og anleggsfag. Summen på fem millionar kroner til tiltaket blir omdisponert frå eit statleg tilskot fylkeskommunen har fått på 63,5 millionar kroner for at fleire permitterte og ledige utan fullført vidaregåande opplæring, kan fullføre. 

Vurderer å bruke meir pengar 

– Vi vil over sommaren vurdere om vi kan omdisponere større delar av dei statlege midlane til fagbrev på jobb, når vi har fått totaloversikt over kva midlar som er nytta i dei ulike tilskota, seier fylkesordførar Jon Askeland.