Fjordane bør bli nasjonalt hydrogenknutepunkt

Gjennom å utnytte regionen sin kraftfordel kan Fjordane ta ein leiande posisjon i hydrogenøkonomien. Det kjem fram i ein ny rapport frå prosjektet Grøn region Vestland.

Fylkesvaraordføraren held innlegg for forsamling.
MÅ SAMARBEIDE: - Vi treng å ta det neste steget. Vi må få til noko av det vanskelegaste som finst, nemleg samarbeid. Samarbeid mellom alle, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis i sitt innlegg. Foto: Ole Tommy Skare Hanssen, Vestland fylkeskommune.

Fredag vart rapporten for Fjordane presentert på eit arrangement på Comfort Hotel i Florø.

– Grøn region Vestland er ei konkretisering av kva som faktisk må til for å lukkast med grøn utvikling. Vi treng å ta det neste steget. Vi må få til noko av det vanskelegaste som finst, nemleg samarbeid. Samarbeid mellom alle. Det er derfor vi sit her i dag, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis i sitt opningsinnlegg.

– Business as usual er ikkje eit val lenger

Varafylkesordføraren poengterte vidare at det er fantastiske moglegheiter i Fjordane-regionen, men at tida er knapp.

– Vi må begynne å gjere noko anna enn det vi gjer i dag, for business as usual er ikkje eit val lenger. Det er berre vi som kan ta ansvar for vår eigen region. Vi må kople saman fortrinna våre. Kople saman teknologi og erfaringar. Det er berre slik vi kan lykkast. Det er mange som har ei rolle å spele i arbeidet som kjem. Fylkeskommunen skal også gjere sin del. Vi skal vere med og vi skal støtte opp. Og vi må skape modellar som står seg over tid. Dette fokuset skal visast i planane våre, i prioriteringar og i politikken. Vi må ta tak i dette på alle nivå, sa varafylkesordførar Golis.

Åtte konsept med stort potensiale

Rapporten for Fjordane har identifisert åtte ulike konsept, som alle har stort synergipotensiale. Dette er konsept som vil bidrege til å nå klimamåla og som vil auke verdiskapinga ved å ta del i kvarandre sine verdikjeder. Fleire av desse konsepta er også inkluderte i hovudrapporten frå prosjektet Grøn region Vestland. Desse er løfta fram som så sentrale at både regionen og heile fylket må jobbe saman for å få dei realiserte. Til saman peikar rapporten for Fjordane på potensiale for 1.250 nye grøne jobbar, men også på eit investeringsbehov på 28 milliardar for å realisere dei ambisiøse planane.

Lutelandet – eit grønt industrieventyr?

Eit av konsepta som blir trekt fram i rapporten for Fjordane er industriparken på Lutelandet. Området har konsesjon til å handtere storindustri og har mellom anna ei av dei største djupvasskaiene i Europa. Dette legg forholda godt til rette for å handtere logistikkoperasjonar frå store godsskip. Djupna utanfor kaisida av Lutelandet gjer også at forholda for landbasert oppdrett er gode, då ein kan sikre vatn med stabil temperatur. Vidare er det planar for eit biogassanlegg som mellom anna kan anvende fiskeslammet frå landbasert oppdrett. Rapporten peikar også på at Lutelandet kan vere aktuell som basestasjon for samanstilling og lagring av offshore-vindmøller.

Frå datasenter til oppdrettsanlegg

Eit anna av konsepta Fjordane-rapporten peikar på er samspelet mellom Lefdal Mine Datacenter og SjømatStaden, som på si side er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvernevik Gruppa og Eide Fjordbruk. SjømatStaden har planar om eit landbasert anlegg for yngel og flytting til tette og utsleppsfrie merdar i fjorden utanfor. Lefdal Mine Datacenter brukar på si side kaldt vatn frå fjorden til å kjøle ned serverane sine. Denne prosessen fører til at vatnet blir varma opp. I staden for at det oppvarma vatnet skal gå tilbake til fjorden, skal det no gå i tre kilometer lange røyr til oppdrettsanlegget og brukast til å sikre gunstig temperatur i merdane.

Må bli nasjonalt hydrogenknutepunkt

Rapporten trekk også fram fem fokusområde som blir sentrale for Fjordane dersom ein skal lykkast med det grøne skiftet. Først må Fjordane lykkast med å bli eit nasjonalt hydrogenknutepunkt, gjennom å utnytte regionen sin kraftfordel til å sikre seg ein leiande posisjon i hydrogenøkonomien. Vidare må ein auke sirkulariteten for realisering av konsepta i regionen. I dette ligg det mellom anna å utvikle samarbeid der nokon aktørar sine restråstoff blir brukte som inputfaktorar i andre aktørar sine verdikjede. Ein må også utvikle Noregs grønaste havbruk gjennom å realisere regionen sine innovative løysingar knytt til landbasert havbruk, lukka sjøanlegg og utvikling av artar lengre ned i verdikjeda. I tillegg peikar rapporten på at Fjordane må jobbe for å bli best på samarbeid og nyskaping og at regionen må vere ein attraktiv stad både å bu og besøke.

Paneldebatt med seks deltakarar.
SAMARBEID OG REKRUTTERING: I paneldebatten vart det mellom anna diskutert korleis ein best legg til rette for samarbeid, og kva ein kan gjere for å sikre god rekruttering. Frå venstre: Moderator Rolf Sanne-Gundersen, Eviny, Vegard Sjursen, EY, Mats Andersson, Lefdal Mine Datacenter, Gunnhild Berge Stang, Sunnfjord utvikling, Asbjørn D. Løland, Akvahub og Vidar Hjartnes, SjømatStaden. Foto: Ole Tommy Skare Hanssen, Vestland fylkeskommune.

Vestland går i front

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg, i tillegg til kommunar, regionråd og lokale aktørar. Målet er å identifisere konkurransefortrinn, verdikjeder og satsingsområde med stort potensial for verdiskaping og grøn konkurransekraft.

– Det er ingen andre fylke som har gjort dette før oss. Det har vore eit krevjande arbeid , men vi har også enda opp med eit svært godt kunnskapsgrunnlag. Vi driv ikkje med ting her i Vestland fordi det er enkelt og billeg. Vi driv med krevjande oppgåver som krev både kunnskap, ressursar og høg kompetanse. Det meiner vi at vi har alle føresetnadar for å fortsette med, også i framtida, sa Kristine Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Noreg i sitt innlegg.


Fire regionale rapportar

I arbeidet med Grøn region Vestland har ein delt fylket inn i fire regionar. Desse er:

  • Indre Vestland (Hardanger, Sogn og Voss) 
  • Fjordane (Nordfjord, Sunnfjord og HAFS (kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Sollund)) 
  • Bergensregionen inkl. Nordhordland 
  • Sunnhordland

    Vestlandsporteføljen er hovudrapporten frå prosjektet Grøn region Vestland og omhandlar Vestland fylke sett under eitt. I tillegg er det utarbeidd eigne rapportar for kvar region. Dei fleste av desse er allereie lanserte og den siste, rapporten for Indre Vestland, blir lansert på eit arrangement 8. desember på Voss Kulturhus