Eksplosiv opning av unikt bygg

Saksa var bytta ut med eld då fylkesordførar Jon Askeland opna nybygget til Sogndal vidaregåande skule på Kaupanger. Fysikar Andreas Wahl opna vitensenteret ViteMeir med minst like mykje futt.

– Vi er i det tøffaste bygget i heile fylket og det mest klimavenlege bygget i heile Vestland fylkeskommune si eige, sa fylkesordføraren, før han gjennomførte den utradisjonelle opninga 11. november.

Sogndal vgs. har undervisning i transport og logistikk, yrkessjåfør og tungekøyretøy i nybygget. Skulen nyttar omtrent halvparten av dei 4000 kvadratmeterane. Resten er leigd ut til ViteMeir. Og det bar både den offisielle opninga og heile opningsdagen preg av.

Om lag 180 gjester hadde teke turen og fekk med seg både fylkesordføraren si flammande opning av bygget og ikkje minst Andreas Wahl si eksplosive opning av vitensenteret.

Fysikar Andreas Wahl opna ViteMeir ved å laga ei sky – med regn. Det gjekk utover fylkesordføraren og dei andre på første rad.

Samarbeid er nøkkel og mål

Utgangspunktet for fylkeskommunen var at lokala Sogndal vgs. hadde på staden, eit brakkebygg, var klare for å bytast ut. Omtrent samstundes tok lokalt næringsliv initiativ til å etablere eit vitensenter i området og såg behov for ein møteplass for fagleg utvikling og nettverksbygging. Det enda med ei felles storsatsing, og resultatet står no klart.

– Velkomen til eit hus som er bygd i samarbeid for samarbeid. Det er i tida. Eg seier at suksessen til vestlendingane er å verte verdsmeistrar i samarbeid. Huset her inviterer til det. Bygget får ein viktig funksjon på Kaupanger. Eg oppfordrar dykk til å la det gje meir liv til bygda, som har over 1000 arbeidsplassar og stort potensial for fritidstiltak, sa fylkesordføraren.

foto frå utstillinga til ViteMeir på Kaupanger
VITENSENTER: ViteMeir leiger om lag halvparten av arealet i nybygget på Kaupanger. Senteret vil inspirere både barn og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap, og lokala legg til rette for både små og store med utforskartrong. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Han fortalde at det har kravd både ekstramidlar frå fylkestinget og ein vestlandsk redningsaksjon då vitensenteret forsvann ut av forslaget til statsbudsjett i fjor haust, for å realisere bygget.

– Vi har venta lenge og grave godt i setleboka, men det var verdt det. Dette er unikt og styrkjer attraktiviteten i indre Sogn, seier Askeland.

f.v. Tage Rickard Sundell, Jostein Fjærestad, Jorunn Felde og Jon Askeland
BEREKRAFTIG BYGG: Nybygget på Kaupanger er bygd i 90 prosent tre, noko den massive tretrappa midt i bygget er eit godt døme på. Berekraftsperspektivet har gjennomsyra heile byggeprosjektet, og berekraftsmåla til FN har fått heidersplass i form av lamper i trappa. F.v. Tage Rickard Sundell, prosjektleiar; Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør; Jorunn Felde, rektor ved Sogndal vgs.; Jon Askeland, fylkesordførar. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Betre og tryggare skulelokale

Rektor ved Sogndal vgs. Jorunn Felde deltok på opninga, og er svært nøgd med dei nye lokala. Skulen tok dei i bruk litt tidlegare i haust og driv både undervisning og ein del kursverksemd for sjåførar her. Felde er særleg glad for at både elevar og lærarar har fått betre og ikkje minst tryggare fasilitetar. For første gong har bussane og vogntoga fått eigne garasjar.

– No treng vi ikkje lenger bruke klatresele når vi skal måke snø av køyretøya, slo Felde fast før ho overrekte ei gåve til prosjektleiar for bygget, Tage Rickard Sundell – eit frukttre.

Det skal plantast på taket av bygget. Der skal det bli ein grøn oase, med utsikt til skogen Kaupanger er kjent for og til majestetiske Bleia, fjellet som markerer inngangen til verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

foto frå opninga av ViteMeir-senteret på Kaupanger
VARIERT OPNING: Rundt 180 gjester deltok på opninga av nybygget til Sogndal vgs. og ViteMeir. I tillegg til talar og helsingar var det omvisning i bygget, fysikkshow med Andreas Wahl og matservering i kafeen SmakeMeir. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

90 prosent tre

«Grønt skifte» var namnet på konseptet som vann pris- og designkonkurransen i 2019, og det har kome til sin rett. Arkitektkontoret 4B og entreprenør Åsen&Øvrelid har samarbeidd om eit unikt bygg. Det er bygd i 90 prosent tre, og solcellene på garasjetaket og bruk av geovarme gir energivenlege driftsløysingar. Sorteringsgraden på byggeprosjektet har vore på 99 prosent, kravet var 85 prosent.

Du kan lese meir om bygget «som er ein heil skog» i det digitale magasinet Klimakappløpet mot 2030 – Den grøne leiartrøya.

Symbol langs vegen

16 månadar etter bygginga starta er altså bygget opna og klart til bruk. Jostein Fjærstad, eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune, slo fast at det har blitt det symbolet langs vegen som det skulle vere. Han overleverte to nøklar – også på utradisjonelt vis – til fylkesordføraren, som igjen gav ein vidare til rektor Felde og den andre til Tor Arne Ness, styreleiar i ViteMeir.