22 lister i Hordaland og 18 i Sogn og Fjordane

Til stortingsvalet i haust er det levert inn 22 listeforslag i Hordaland og 18 i Sogn og Fjordane. Dette er ein auke frå valet for fire år sidan.

AUKA INTERESSE: Interessa for å stille liste til stortingsvalet i september har auke både i Hordaland og Sogn og Fjordane.
AUKA INTERESSE: Interessa for å stille liste til stortingsvalet i september har auke både i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fristen for å levere inn listeforslag gjekk ut onsdag 31. mars kl. 12.00. Sjølv om Hordaland og Sogn og Fjordane er slegne saman til eitt fylke, skal dei to tidlegare fylka velje kvar sine representantar til Stortinget. Hordaland har i dag 16 og Sogn og Fjordane 4 representantar.

Oversikt over alle listene og dei som stiller til val:

Hordaland

Sogn og Fjordane

Informasjon om stortingsvalet måndag 13. september

Fem fleire lister i Hordaland

I Hordaland kom det inn fem fleire listeforslag enn ved stortingsvalet i 2017. Ei liste frå 2017 er vekke. Det er Feministisk Initiativ. Det inneber at det er seks nye lister i Hordaland. Dei er

Industri- og Næringspartiet (INP)
Partiet Sentrum
Pensjonistpartiet (PP)
Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB)
Norges Kommunistiske Parti (NKP)
Generasjonspartiet

Fire fleire lister i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane er det fire nye lister:

Industri- og Næringspartiet (INP)
Pensjonistpartiet (PP)
Partiet Sentrum
Kystpartiet

Merk at eitt parti som stilte for fire år sidan, Alliansen, har skifta namn til Alliansen - Alternativ for Norge.

I Hordaland kom desse 22 listene inn (i rekkefølgja dei vart leverte):

Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Høgre
Kristeleg Folkeparti
Alliansen - Alternativ for Norge
Piratpartiet
Raudt
Partiet Sentrum
Venstre
Miljøpartiet De Grønne
Arbeidarpartiet
Industri- og Næringspartiet (INP)
Pensjonistpartiet
Fremskrittspartiet
Liberalistene
Partiet De Kristne
Folkeaksjonen Nei til mer bompenger Vestland
Demokratene
Helsepartiet
Norges Kommunistiske Parti
Kystpartiet
Generasjonspartiet

I Sogn og Fjordane kom desse listene inn (i rekkefølgja dei vart leverte):

Høgre
Kristeleg Folkeparti
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Venstre
Miljøpartiet Dei Grøne
Alliansen - Alternativ for Norge
Industri- og Næringspartiet (INP)
Pensjonistpartiet
Liberalistene
Fremskrittspartiet
Partiet Sentrum
Arbeidarpartiet
Demokratene
Helsepartiet
Raudt
Partiet De Kristne
Kystpartiet

Stortingsvalet er måndag 13. september. I enkelte kommunar òg søndag 12. september.