– Vår jobb er å vere festbrems

Hjartesone, gåstrategi og elsparkesykkelutfordringar stod på programmet då fagfolk var samla på trafikktryggingskonferansen i Bergen.

HJARTESONE: Rektor ved Vassende skule Anne Cecilie Kapstad har skapt ei tryggare skulekvardag for elevane sine gjennom Hjartesone-prosjektet. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
HJARTESONE: Rektor ved Vassende skule Anne Cecilie Kapstad har skapt ei tryggare skulekvardag for elevane sine gjennom Hjartesone-prosjektet. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Ei stadig aktuell problemstilling er utfordringa med elsparkesykkel.  Utfordringa bekymrer fagetatar og interesseorganisasjonar. Trygg trafikk er bekymra for dei mange alvorlege skadane som skjer på elsparkesykkel.

Bergen legevakt hadde i gjennomsnitt to skada kvar dag frå påska og fram til juli.

– Dei mest alvorlege køyrast rett til sjukehuset. I mai og juni i år hadde traumesenteret registrert elleve og ni ulykker knytt til elsparkesykkel. Til samanlikning hadde dei ein i juli i fjor, fortel Knut Olav Nestås, regionleiar Vestland i Trygg trafikk.

– Eg seier som direktør for folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg; eg er profesjonelt bekymra. Det er Trygg trafikk sin jobb er å vere festbrems.

Høg risiko for skade

Risikoen for å skade seg på elsparkesykkel er fem til sju gangar høgare enn på sykkel.

For å løyse nokre av utfordringane ønskjer Trygg trafikk mellom anna at elsparkesykkel vert omklassifisert til lett motorvogn, hjelmpåbod, aldersgrense på 12 år og forbod mot køyring på fortau, eller halde 6 km/t-grensa.

Hjartesone-arbeid

Vinnar av trafikktryggleiksprisen i fjor var Bergen kommune med sitt arbeid med hjartesoner rundt skulane. I år fekk tilhøyrarar bli enda betre kjent med konseptet, først gjennom prosjektkoordinator for Hjertesone, Mats Korneliussen og deretter rektor på Vassenden skule, Anne Cecilie Kapstad, som har utnytta mogelegheita dette gav.

Nokre av utfordringane ved skulen var foreldrekøyring inn på området i skuletid og bilar som parkerte på skuleplassen på kveldstid og skapte farlege situasjonar for barn som leika. I tillegg var det farlege og uoversiktleg kryss, dårleg belysning og manglande skilting langs skulevegane.  

Skulen har tatt i bruk verkemidlar som video og har sin eigen youtube-kanal for skape merksemd og drive haldningsskapande arbeid.

FAU fekk trafikktryggingspris

Trafikktryggingsprisen gjekk til FAU på Alversund skule som i mange år har kjempa for trygg skuleveg. Prisen er på 50 000 kroner.  

– I trafikksikringsgruppa ved Alversund skole er det vaksne som ønskjer å få til ein trygg skuleveg og gode reisevanar. Foreldreengasjementet har vart over fleire år, seier Marthe Hammer, prisutdelar og nestleiar i hovudutvalet for samferdsel og mobilitet.

Saka kan du lese her.

BEKYMRA: Trygg trafikk ønskjer omklassifisering av elsparkesyklar for å betre tryggleiken. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
BEKYMRA: Trygg trafikk ønskjer omklassifisering av elsparkesyklar for å betre tryggleiken. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune