Vinnarane av Vestlandsommar2020-kampanjen

I sommar har vi sett alle krikar og krokar av Vestland gjennom Facebook-kampanjen #vestlandsommar2020. No har vi trekt fem vinnarar blant alle dei som har kommentert og delt tipsa sine.

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

Vi har i sommar vore på ei effektiv og grundig virtuell reise gjennom fylket vårt – 43 kommunar på 43 dagar. Vi har sett bilete av fjord og fjell, kafear, strender og utkikkspunkt. Reisa vart til gjennom tekst, foto og video frå kommunane, og ikkje minst eit stort engasjement frå publikum.

– Kampanjen har vore ein stor suksess! Folk er tydeleg stolte over stadane dei kjem frå og har delt turtips og bilete. Dei daglege postane på Facebook har blitt delt flittig vidare, fleire av dei over hundre gonger. Frå statistikken kan vi sjå at postane har nådd store delar av innbyggarane i Vestland, og vi veit at folk har nytta tipsa i ferien sin, seier fylkesordførar Jon Askeland, som sjølv var innom fleire av kommunane i sommar og slik snakkar av eigen erfaring.

Jettegryter, øyhopping og dykking

Innlegga frå Osterøy, Askvoll og Etne var dei som skapte aller mest engasjement.

Vi har fått tips om jettegryter på Rullestad i Etne og om surfing og strandliv i Hoddevika, Ervika og på Seljesanden i Stad. Og kven treng vel å reise til Hellas for å hoppe mellom øyer, når ein kan gjere det i Fitjar eller Solund?

Blant turtipsa er også mange både lange og kortare fjellturar. Vi blir freista med turar til blant anna Hornelen i Bremanger, Ådneburen i Masfjorden, Kongsgarden i Vik og Nåmdalsfjellet i Modalen. Dagsturhyttene i tidlegare Sogn og Fjordane er gjengangarar blant turtipsa – det er berre å notere seg Liabu i Vik eller Kletten i Kinn, med fantastisk utsikt mot Måløy.

Eller kva med overnatting på eitt av fyra ved kysten vår? Eller eit besøk i motorikkparken i Lærdal eller Hardangerbadet i Øystese? Eller kva med å dykke ned til kjende vrak i Hyllestad?

Det er mykje å både sjå og oppleve i Vestland, og sommarferietipsa lever no vidare som turtips til haustferien og helgeturar – og kanskje som tips til sommarferien 2021.

Får turutstyr for 3000 kr

Vi har no trekt ut fem heldige vinnarar blant alle som har kommentert på kampanjen gjennom sommaren. Dei får kvart sitt gåvekort pålydande 3000 kr, frå ein valfri butikk som sel tur- og friluftsutstyr.

Vinnarene, som vil bli kontakta, er:

  • Trude Moldøen frå Hundvin, som har kommentert på innlegget frå Austrheim
  • Regine Sagstad Berg frå Frekhaug, som har kommentert på innlegget frå Masfjorden
  • Olaug Vedvik Torset frå Vågsøy som har kommentert på innlegget frå Bremanger
  • Lilliann Høyvang Andreassen frå Eidfjord, som har kommentert på innlegget til Eidfjord
  • Kjersti Tysse Plätzer frå Tysse, som har kommentert på innlegget frå Bjørnafjorden

Tusen takk for engasjementet og gratulerer!