Vil utvikle Selja kloster som besøksmål

Vestland fylkeskommune og Stad kommune skal saman utvikle Selja kloster som besøksmål.

TRULEG ELDST: Selja kloster er frå 1100-talet og truleg det eldste klosteret i Noreg.
TRULEG ELDST: Selja kloster er frå 1100-talet og truleg det eldste klosteret i Noreg.

Fylkesutvalet har vedtatt at Vestland fylkeskommune skal gå i dialog med Stad kommune for å lage eit forslag til god og berekraftig organisering.

- Selja kloster er eit kulturminne med internasjonal interesse og kan utviklast vidare som eit viktig reisemål. Å etablere ein formell struktur med føreseielege økonomiske rammer er avgjerande for å få til ei berekraftig utvikling av klosteret - for både det offentlege, trussamfunna, næringslivet og dei frivillige, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Bygger på sluttrapport

I 2018 sette Sogn og Fjordane fylkeskommune i gang eit prosjekt som skulle etablere ei langsiktig og berekraftig løysing for å bevare og utvikle Selja kloster. I sluttrapporten av dette prosjektet går det fram at fylkeskommunen og Stad kommune bør gå i dialog om å kome fram til ei løysing. Dette er grunnen til at Vestland fylkeskommune no går i dialog med Stad kommune.

Det vil bli lagt fram ny politisk sak om organisasjonsform og eventuell økonomisk medverknad når forslaget til organisasjonsform er arbeida fram i samarbeid med Stad kommune.

Frå 1100-talet

Selja kloster er frå 1100-talet og truleg det eldste klosteret i Noreg. Ruinane av klosteret ligg på øya Selja, om lag 15 minuttar med båt frå Selje i Nordfjord, rett ut mot Stadhavet. Klosteret var eitt av dei fyrste bispeseta i Noreg, etablert i 1068 av Olav Kyrre.