Vestland søkjer om over ein milliard kr til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Kommunar, frivillige lag og organisasjonar i Vestland har sendt inn til saman 617 søknadar om spelemidlar, og den samla søknadssummen er 1 053 mill. kr.

foto av klatrepark i snø
SPELEMIDLAR: Klatreparkar er ein arena for eigenorganisert, fysisk aktivitet og legg til rette for fysisk aktivitet for barn og unge. Mange av desse er finansierte av spelemidlar.

Dette er første gong Vestland fylke skal handsame søknadar samla.

Ny søknadsrekord

Årets søknadssum er ny rekord om vi summerer søknadssummane frå tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. I 2019 hadde dei to fylka ein samla søknadssum på 1 025 mill. kr, medan det i 2018 var ein samla søknadssum på 768 mill. kr. Sidan 2018 har søknadssummen dermed auka med heile 285 mill. kr.

Leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering, Stian Davies, ser svært positivt på den store søknadsmassen.

Det er tydeleg at det vert jobba svært godt både i kommunane og i ulike frivillige lag og organisasjonar for å etablere og rehabilitere anlegg der ein kan drive idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Gode anlegg er viktige arenaer for fellesskap, god folkehelse, og for at innbyggjarane i Vestland kan ha ein aktiv kvardag, seier Davies.

Fordeling i juni

Fylkeskommunen skal no handsame alle søknadane. Kulturdepartementet avgjer så kor stor den samla summen til fylket blir, før fylkesutvalet fordeler summen til søkjarar frå fylket i juni.

Fristen for å levere søknad om spelemidlar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv  gjekk ut 15. januar.