Vestland fylkeskommune går inn i Idrettsklynge Vest

Idrettsklynge Vest skal styrke samhandlinga om idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i heile Vestland. Visjonen er «styrke i samspel».

foto av hender oppå kvarandre
SAMSPEL: "Styrke i samspel" er visjonen til Idrettsklynge Vest. Dei åtte aktørane som deltek har eit mål om å saman løfte arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i heile fylket. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Fylkestinget vedtok 16. desember at Vestland fylkeskommune går inn som aksjonær i Idrettsklynge Vest AS. Selskapet er ei vidareføring av og erstattar prosjektet Idrettscampus Bergen, og det blir utvida til å gjelde heile Vestland fylke.

Samlar det viktigaste i idretten

Målet med Idrettsklynge Vest er å løfte arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland. Det skal gjerast blant anna ved å etablere møteplassar med vekt på kvalitet, kunnskapsformidling og utvikling.

– Dette er eit godt døme på at gode ting skjer når mange gode krefter jobbar saman. Dette skal vi heie på og vere med på. Prosjektet samlar det viktigaste i idretten og ser breiddeidrett, toppidrett og folkehelse i samanheng, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Han legg til at fylkeskommunen har vore pådrivar i idrettsklynga sidan starten.

– Eg vil særleg gje honnør til arbeidet Anne Gine Hestetun gjorde i førre periode, og vi har følgt opp leiarskapen i inneverande periode, seier Askeland.

Blir ideelt aksjeselskap

Idrettsklynge Vest skal vere eit ideelt aksjeselskap, der ingen skal ta ut utbyte. Ein samarbeidsavtale ligg til grunn for samhandlinga mellom desse åtte aktørane: Vestland fylkeskommune, Vestland idrettskrets, Olympiatoppen Vest, Bergen kommune, Helse Bergen, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Sportsklubben Brann.

Idrettscampus Bergen kan vise til mange gode resultat sidan oppstarten i 2016. Aktørane som har delteke, er dei same som blir med vidare i Idrettsklynge Vest.

Samspel i sentrum

Fylkesordføraren har det siste året vore styreleiar i organisasjonen og legg vekt på samspel som eit nøkkelord.

– Vegen til avgjerder blir kortare, og ressursane våre blir sterkare gjennom dette samarbeidet. Vi har etablert møteplassar og nettverk, som har auka det tverrfaglege samarbeidet og søkelyset på fagfelta. Visjonen «styrke i samspel» har kome til sin rett, og Vestland fylkeskommune skal vere med og styrke dette arbeidet vidare, seier Askeland.

To av prosjekta frå Idrettscampus Bergen har vore Aktive Gamere om e-sport og gaming og Trygge utøvere, som er ei satsing på tilrettelegging av aktivitet for barn og unge med usynlege behov.

Meir om Idrettsklynge Vest i saksframlegget.

Meir om Idrettscampus Bergen.