Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom under koronapandemien

NB! Denne saka er frå 2020. Gå til vlfk.no/stottetelefon for årets telefon, med utvida opningstid! Vestland fylkeskommune opprettar ein støttetelefon, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Telefonen er open 12.00-18.00 måndag-fredag.

Jente held telefon sett ovanfrå
TRENG DU NOKON: Om du treng nokon å snakke med kan du som er elev, lærling eller i oppfølgingstenesta ringe støttetelefonen på 51 20 71 21. (Foto: Shutterstock)

NB! Denne saka er frå 2020. Gå til vlfk.no/stottetelefon for  støttetelefonen for 2021 - med utvida opningstidar.

Opprinneleg sak:

Landet vårt er inne i ein krisesituasjon, og når skular er stengt og lærlingar blir permittert, kan dette påverke elevar og lærlingar si psykiske helse på forskjellige måtar.

Ungdom utanfor opplæring får heller ikkje den oppfølginga dei normalt ville mottatt. Det kan oppstå ekstra behov for å snakke med nokon om dette.

I Vestland fylkeskommune vert det derfor oppretta eit lågterskel tilbod, kor ein kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Tilbodet er eit supplement til skulane sine tilbod. 

Støttetelefonen har nummer 51 20 71 21, og er open 12.00 - 18.00 måndag - fredag, med oppstart torsdag 26. mars.

Kven kan ringe?

Elevar, lærlingar, ungdom under oppfølging av OT og deira føresette. Du kan ringe anonymt. Dei som tek telefonen kan ikkje spore kven som ringer.

Kva for spørsmål kan vi hjelpe med?

Om du har behov for nokon å snakke med om uro, bekymringar, einsemd, vanskelege tankar og kjensler.

Kven samarbeider vi med?

Skular, opplæringskontor, rettleiingstenesta, elev- og lærlingombodet.

Den som ringer vil bli møtt av fagpersonar med psykologisk kompetanse med erfaring frå arbeid med ungdom og unge vaksne.

Kva om du treng videreoppfølging?

Dersom du treng hjelp som inneber vidare oppfølging, treng vi samtykke til dette. Du kan då ikkje vere anonym.

Her er ei liste over andre hjelpetelefonar og nettsider 

 

Mental Helses hjelpetelefon: 116 123
Hjelpetelefonen er eit døgnopent telefontilbod. Hjelpetelefonen har også skrivetenesta sidetmedord.no og chat som er open frå kl. 08.00 - 23.00. www.hjelpetelefonen.no

Kirkens SOS: 22 40 00 40
Ei døgnopen kriseteneste også på heilagdagar. Kirkens SOS tilbyr ein anonym og uforpliktande samtale på krisetelefonen, eller kontakt via chat på nettsidene: www.kirkens-sos.no

Alarmtelefonen: 116 111 
Telefonen er for barn og unge som blir utsett for omsorgssvikt, vald og overgrep. Også vaksne som er bekymra for barn og unge, kan ta kontakt med sentralen. Under koronasituasjonen er telefonen døgnopen. www.116111.no

Tilbod til barn og unge
Barn og unge som treng nokon å snakke med, kan ringe til Røde Kors-telefonen for barn og ungdom: 800 33 321.

Du kan og sende melding eller chatte via nettsidene:  www.korspahalsen.no , Mental Helses  www.sidetmedord.no  eller Blå Kors si teneste  www.snakkompsyken.no

Barn og unge som har foreldre eller andre nær seg med rusproblem, kan kontakte organisasjonen Born av rusmisbrukarar (BAR). Dei tilbyr anonym chat gjennom tenesta BarSnakkwww.barnavrus.no  

Barnevernet
Barnevernet.no skal gjere det enklare å finne relevant kunnskap om barnevernet. Du finn informasjon om barnevernsvakt og barneverntenester i alle kommunar, og korleis du melder bekymringa di til barnevernet.

VO-linja: 116 006
Ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar  www.volinjen.no

Rustelefonen: 08588
For deg som har spørsmål om rusmiddel. Dette er ei rådgjeving- og informasjonsteneste driven av Velferdsetaten i Oslo kommune. Dei tilbyr også chatteteneste www.rustelefonen.no

Hjelpeline for spillavhengige: 800 800 40
For personar som er avhengige av pengespel, eller deira pårørande. www.hjelpelinjen.no

LPPs rådgjevingstelefon for pårørande: 22 49 19 22
Blir driven av Landsforeninga for pårørande innan psykisk helse og rus. Tilbyr rådgjeving om pårørande sine rettigheiter og behov, og informasjon om hjelpeapparatet. www.piosenteret.no

IVARETAs rådgjevingstelefon for pårørande: 800 40 567
Rådgjevingstelefonen er driven av organisasjonen IVARETA - og tilbyr rådgiving, støttesamtalar og anna informasjon som pårørande kan ha behov for. www.ivareta.no  

Rådgiving om eteforstyrringar: 948 17 818
For deg som har eller er i ferd med å utvikle eteforstyrring, eller deg som er pårørande. www.nettros.no

Eteforstyrringar (SPISFO) 22 94 00 10
For alle som på ein eller annan måte opplever eteforstyrringar eller slit med forholdet til mat, kropp og vekt. Foreininga har eigen informasjon- og rådgjevingsteneste. www.spisfo.no

Littsint.no
Ei heimeside for foreldre som ønsker å jobbe med sinnemeistring. littsint.no

Meir informasjon om psykisk helse:

Brukarorganisasjonar:

  • ADHD Norge: adhd-norge.no
  • Angstringen: angstringen.no
  • Ananke, ein brukarorganisasjon for menneske med tvangslidingar (OCD), og deira pårørande: ananke.no
  • Aurora - støtteforeining for menneske med psykiske helseproblem:  aurora-stotteforening.no
  • Barn av rusmisbrukarar (BAR): barnavrus.no  
  • Interessegruppe for kvinner med eteforstyrringar: iks.no
  • Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse (LPP): lpp.no
  • Mental Helse Norge: mentalhelse.no
  • Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO): www.rio.no
  • Selvhjelp Norge: selvhjelp.no

For pårørande