Stadnamn med meining

Grauthaug, Navdalen og Kabusen. Det er berre nokre av mange stadnamn som gir lita meining for dei aller fleste. Det ville fylkesarkivet gjere noko med.

Foto av turskilt med skilt til Kabusen
MYKJE BRUKT: Stadnamnet Kabusen finst i ulike variantar i Sogn, Sunnfjord og Hardangar – i tillegg til at det også dukkar opp andre stadar i landet. Det er eitt av 50 stadnamn som no har fått sin eigen artikkel i Kulturhistorisk leksikon. Foto: Laila Anita Schønhardt

Det som då var fylkesarkivet i Sogn og Fjordane – no Vestland – tok initiativ til prosjektet «Nettartiklar om opphavet til stadnamn» i 2019 og fekk 90 000 kr i støtte frå Kulturrådet. Prosjektet er ferdigstilt no i år. Alle artiklane om dei 50 stadnamna i tidlegare Sogn og Fjordane er samla i Kulturhistorisk leksikon.

– Det er så viktig å få fram denne dokumentasjonen på ein tydeleg og god måte, det er kunnskap som forsvinn om det ikkje blir skrive ned og teke vare på. Vi merkar at stadnamn interesserer folk flest, og eg trur det er veldig viktig for å forstå fortida vår. Om ein til dømes overtek ein eigedom, er det kjekt å vite forhistoria, og kva namnet betyr, seier seksjonssjef for arkiv, Arnt Ola Fidjestøl.

Del av kulturarven og identiteten vår

For å skrive artiklane om stadnamn, knytte fylkesarkivet til seg Kristian Solvang frå Stryn. Han er norsk-filolog med stadnamn som spesiale, har i tillegg god dialektkunnskap og har også tidlegare jobba vitskapleg med stadnamn.

Solvang fortel at stadnamna er viktige kulturminne. Dei fortel ei historie om blant anna tidlegare livsvilkår og levemåtar, busetnad og gardsdrift, husdyrhald og fiske, tradisjonar i kvardag og fest, om matskikkar og bruk av planter i utmarka.

– Stadnamna seier også noko om språk, ord og uttrykk i tidlegare tider. Dei er ein del av kulturarven vår – og ikkje minst identiteten vår. Meir enn 2/3 av alle nordmenn har i dag eit gardsnamn som etternamn, og vi ber namna med oss. Dei fleste av oss kjem frå bygder eller byar der stadnamn var rundt oss på alle kantar, seier Solvang.

Fjell med namn etter gamalt klesplagg

Eitt døme på eit stadnamn som er vanskeleg å tolke, er fjellnamnet Kabusen i Haukedalen i Førde og Kabusa i Balestrand. Det finst variantar av namnet også andre stadar, som i Jølster, Høyanger og Aurland. I Øystese i Hardanger er til og med kunsthuset Kabuso oppkalla etter fjellformasjonen Kabuso, som ligg oppunder Torefjell bak Øystese.

Arbeidet til Solvang syner at dei to fjelltoppane truleg har namnet sitt etter ei mellomalderhette som var sydd fast i ei kappe, som vart brukt av kapusinarmunkane. Eit anna alternativ er at stadnamnet kan kome frå namnet på kjøkenet på eit skip, ei kabysse (bysse). Solvang meiner det er rimeleg å tru at klesplagget «kabuse» var meir kjent inne i fjordane enn skipskjøkenet «kabyse».

Les heile artikkelen om stadnamnet Kabusen i Kulturhistorisk leksikon.

Må vere både kreativ og kritisk

Men korleis grip han det an, når han får eit stadnamn, som ved første augekast gir lita meining, i fanget? Solvang meiner det er starten på ei spennande jakt, som kan gje ei aha-oppleving.

– Det første steget er nok å sjekke faglitteraturen, ordbøker, etymologiske ordbøker og lokale ordsamlingar. Deretter kan ein søkje i dei regionale stadnamnarkiva for å sjå om det finst liknande namn, som har ei forklaring. Ein må vere både kreativ og kritisk til skrivemåte og uttale. Mange namn som er skriftfesta, er påverka av feilskriving frå dansketida. Svært ofte har namna endra seg, og det finst fleire lokale variantar som ikkje er registrerte i ordbøkene. Løysinga kan vere å ta kontakt med eldre, lokale informantar, og det er også viktig å kunne dialekta i området ein jobbar med, fortel Solvang.

Han meiner at for å tolke mange av dei eldste stadnamna, som områdenamn, gardsnamn, øynamn og elvenamn, treng ein spesialkunnskap om eldre språk og språkutvikling.

Samordnar arbeidet som er gjort tidlegare

Fylkesarkivet i Vestland jobbar no med å samordna arbeidet som er gjort både med stadnamn og andre tema i både Sogn og Fjordane og Hordaland tidlegare. Stadnamnsamlingane i begge dei gamle fylka er digitaliserte og kartfesta og arbeidet no går ut på å skape eit saumlaust brukargrensesnitt.

Ein annan ting er tenestene Kulturhistorisk leksikon (Sogn og Fjordane) og Grind (Hordaland, drifta av Universitetet i Bergen).

– Framover vil vi sy dette saman slik at det framstår heilskapleg for brukarane våre. Vi vil få det beste ut av både grind.no og Kulturhistorisk leksikon, og meiner dette kan byggjast saman. Grind.no har ei meir akademisk, overordna tilnærming, medan Kulturhistorisk leksikon inneheld artiklar som tek utgangspunkt i dei kulturminna vi har, både dei materielle og immaterielle. Eg meiner det ligg godt til rette for at desse kan utfylle kvarandre, og at vi skal få til noko som er dekkande for heile Vestland, seier seksjonssjef Arnt Ola Fidjestøl.

Her kan du lese alle dei 50 artiklane om stadnamn.