Funn av 14 nye steinalderbuplassar  i Øygarden

Arkeologar frå Vestland fylkeskommune har funne 14 nye steinalderbuplassar i Vikane i Øygarden kommune. Nokre av steingjenstandane er frå 10 000–6000 år f. Kr., og området er ein del av verdas eldste bevarte marint tilpassa steinaldersamfunn

foto av kystlandskap i Vikane på Rongøy i Øygarden
KYSTHISTORIE: Dei 14 steinalderbuplassane er funne i Vikane på Rongøy i Øygarden.

– Vi har funne mange buplassar på eit relativt avgrensa område ikkje langt frå der vi gjorde funn av ytterlegare tre buplassar i fjor haust. Det tyder på at dette har vore eit viktig busetjingsområde i den eldre førhistoria vår. Truleg var nærheita til gode kyst- og sjøressursar avgjerande for kvar folk valde å busetje seg, fortel arkeolog Robert Stormark.

Det er i samband med ein områdeplan for Vikane i Øygarden kommune at arkeologar frå Vestland fylkeskommune har gjennomført arkeologisk registrering der.

Sjeldan glimt bakover i historia

Buplassane vi no har funne inneheld steingjenstandar frå eldre steinalder, som går så langt tilbake som til 10 000 år f. Kr. Blant gjenstandane er knivar i flint, ein meisel i grønstein, og eit garnsøkke som truleg er i fylitt. Gjenstandar og kulturminne frå før 1537 er automatisk freda etter kulturminnelova.

Arkeologane har også funne restmateriale, såkalla avslag, frå produksjon av steingjenstandar. Grønsteinen som meiselen er laga av finst ikkje i nærområdet, og dette råstoffet kjem truleg frå den kjende steinalderbrotstaden på Hespriholmen vest for Bømlo.

foto av steingjenstandar etter arkeologisk funn i Øygarden
STEINGJENSTANDAR: Biletet syner nokre av gjenstandane som er funne i Øygarden, ein flekkekniv av flint (nærast) og avslag av flint og bergkrystall.

– Slike funn er viktige og interessante på fleire måtar. Dei gir oss eit sjeldan glimt inn i kvardagen til menneska som har levd her før oss. Vi får også kjennskap til ferdsleårer, og korleis folk samhandla og hadde kontakt i steinalderen. Funna av desse nye buplassane er viktige i ein større historisk samanheng, som kjelder til å få ei betre forståing av den aller eldste historia til Vestland, fortel Stormark.

foto av ein meisel frå steinalderen
MEISEL: Ein meisel som truleg er laga av grønstein er ein av gjenstandane som er funne på buplassane. Funnet er særleg interessant i og med at denne bergarten ikkje finst i området, og funnet seier noko om korleis folk reiste i tidlegare tider.

Internasjonalt ansvar

Skjergarden i Noreg – som Øygarden er ein del av – og ein bit av vestkysten av Canada har den eldste strandlinja i verda og dermed verdas eldste bevarte marint tilpassa steinaldersamfunn.

– Som kystfylke i Noreg har Vestland difor eit internasjonalt ansvar når det gjeld å verne steinalderbuplassar for framtida. Tilsvarande buplassar elles i verda ligg under havnivå på grunn av ulik landheving etter istida, seier Glenn Heine Orkelbog, som er fagleiar for feltarkeologi i Vestland fylkeskommune.

Steinalderbustadane er freda etter kulturminnelova. Fylkeskommunen er no i dialog med Øygarden kommune om den vidare prosessen i saka.

– Vi skal snarleg ta stilling til om buplassane skal regulerast til bevaring, eller om dei skal frigjevast gjennom dispensasjon, seier arkeolog Ambjørg Reinsnos.