Praksis og språk i sentrum på statsrådbesøk

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby møtte elevar og tilsette ved Sogndal vidaregåande skule 10. august. Ho ville ha – og fekk – innspel til korleis yrkesopplæringa kan bli betre, og korleis fleire skal kome seg gjennom opplæringa.

foto av elevar ved Sogndal vidaregåande skule saman med kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby
MINISTERMØTE: Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby møtte elevar og tidlegare elevar ved Sogndal vidaregåande skule måndag 10. august. Tema for møtet var yrkesopplæring. F.v. Tonje Kalvatn Øvretun, elev ved vg2 barne- og ungdomsarbeid; Javed Amarheil, tømrarlærling; Mario Øksdal, lærling i lette køyretøy; Vebjørn Abelsen Vik, elev ved vg2 elenergi og statsråd Guri Melby.

– Vi har eit mål om at ni av ti elevar skal kome seg gjennom vidaregåande opplæring på relativt vanleg tid. Då må vi gjere tiltak, og det er viktig å snakke med både elevar og lærarar. Har de gode innspel? Kva blir gjort her som er kjempebra, og som det burde blitt gjort meir av?

Statsråden kasta ballen til elevar og tilsette ved Sogndal vidaregåande skule, som var samla rundt langbordet i kantina. Og ho lytta interessert til svara ho fekk.

Mykje praksis frå starten av

– Eg meiner det er betre med praksisdagar kvar veke heller enn to lengre praksisperiodar i året, seier Mario Øksdal, lærling i lette køyretøy.

Sogndal vidaregåande skule har om lag 800 elevar fordelt på ei rekke utdanningsprogram. Elevane på vg1 yrkesfag har ein praksisdag hjå bedrift i veka, medan yrkesfagelevane på vg2 har to praksisdagar i veka. Praksisplassane hjå bedrifter gjer at elevane tidleg får prøve seg i faget dei har valt.

Arbeidslivskontakt ved skulen, Svein Hauge, meiner små og oversiktlege forhold er viktig for å matche elevar og bedrifter.

– Vi har stabil arbeidskraft her. Mange lærarar er henta frå næringslivet, og har både stort nettverk og kjennskap til kva som skjer i faget og bransjen. Det er vesentleg for å finne rett elev til rett bedrift og omvendt, seier Hauge.

foto av kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby som møter elevar og tilsette ved Sogndal vgs.
MANGE INNSPEL: Statsråden ville høyre kva elevar og tilsette meiner er bra med undervisninga ved Sogndal vidaregåande skule og yrkesopplæringa generelt. Ho fekk mange innspel med seg vidare, om språkopplæring, praksis, samanhengen mellom yrkesfag og fellesfag og oppfølging av lærlingar.

Utfordring for minoritetsspråklege

Praksisen ute i det verkelege arbeidslivet gjer det også lettare for elevane å sikre seg læreplass når den tida kjem. Mange blir lærlingar i bedriftene der dei har hatt praksisplassar. Men arbeidslivkontakten fortel at det kan vere utfordrande å skaffe både praksis- og læreplassar for minoritetsspråklege elevar.

– Språk er eit hinder, samtidig som desse elevane gjerne ikkje har kontaktnettet til dei lokale elevane. Dei veit ikkje kven dei kan spørje om praksisplass sjølve, seier han.

Faglærar på byggfag, Per Ivar Lomheim, stadfestar dette, og seier at det krev større innsats av lærarane som kjenner bedriftene.

– Vi ser at bedriftene vegrar seg når norsken er for dårleg. Ein må forstå ein del faguttrykk. Men det ordnar seg når språket kjem på plass. Eg har ein elev som har gått vg2 to gonger, med fleire dagar i bedrift i veka på det andre året. No har han fått lærekontrakt, seier Lomheim.

Han nikkar når kunnskapsministeren stiller spørsmål om meir skreddarsying av tilbod må til for å få alle gjennom vidaregåande opplæring.

Fekk lærlingplass etter sommarjobb

Syriske Javed Amarheil er eit anna døme på at det å snakke godt norsk og å bli kjend med bedriftene har mykje å seie. Han har vore i Noreg i fem år, og denne hausten startar han læretida si som tømrarlærling hjå Norbohus.

– Det er vanskeleg med utplassering, og eg var på skulen heile vg1. På vg2 fekk eg utplasseringsplass og rakk å vere der ein del veker før korona. I sommar fekk eg tre veker sommarjobb hjå Norbohus, og i tredje veka fekk eg tilbod om lærlingplass der, fortel han nøgd og på veldig godt norsk.

Vil ha språkkrav i vaksenopplæringa

Kunnskapsministeren bevega seg mellom ulike «stasjonar» med ulike tema under besøket i Sogndal. Siste stasjon handla om vaksenopplæring, og også der vart språk eit viktig tema. Avdelingsleiar Mona Ylvisåker har klare idear om korleis vi kan auke gjennomføringa for elevane i vaksenopplæringa.

– Vaksenopplæringa er i dag tilrettelagt for dei som snakkar godt norsk og kanskje også har vore i arbeidslivet nokre år. Men hovudtyngda av elevane er minoritetsspråklege. Det er ingen krav til språknivå, berre ei anbefaling om å ha nådd nivå B1 før dei startar. Eg føler vi lurer dei litt, og eg trur krav til språknivå er nøkkelen, seier Ylvisåker.

Ho fortel vidare at Sogndal vidaregåande skule dette skuleåret skal ha ein fleirspråkleg ressurs til å følgje opp minoritetsspråklege i klassesituasjonen, hjelpe med lekser og omsetje fagspråk. Slik håpar dei å få flest mogleg gjennom opplæringa.

foto av kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i samtale med Mona Ylvisåker og Gunn Beate Thorsnes Lefdal ved Sogndal vidaregåande skule
ØNSKJER SPRÅKKRAV: Avdelingsleiar Mona Ylvisåker (t.v.) meiner krav til norskkunnskapar i vaksenopplæringa vil gjere at fleire fullfører. – Eg trur det er nøkkelen, men samtidig vil vi jo heller ikkje at folk skal sitje att på eit norskkurs, seier ho.