Nybrottsarbeid for fylkeskommunale råd

– Det er ei stor glede å ønske velkommen til eit slikt nybrottsarbeid for ein digital konferanse, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis då Vestland fylkeskommune arrangerte opplæring for fylkeskommunale råd i 36 kommunar og med over 400 deltakarar.

FØRSTE I SITT SLAG: Arvid Hauge (f.v.), Inge Fiskvik, Sigrid Bjercke, Vibecke Magnus, Dagmar Reutz Hillestad og Andreas Ask stod bak den første samlinga for alle kommunale råd i Vestland.
FØRSTE I SITT SLAG: Arvid Hauge (f.v.), Inge Fiskvik, Sigrid Bjercke, Vibecke Magnus, Dagmar Reutz Hillestad og Andreas Ask stod bak den første samlinga for alle kommunale råd i Vestland.

Alle fylkeskommunar og kommunar har eit lovpålagt ansvar for å opprette råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF), eldreråd og ungdomsråd. Lova seier også at alle har rett til opplæring, men ikkje noko om kven eller kva for instans som skal organisere slik opplæring. Samlingane i haust har Vestland fylkeskommune gjennomført saman med RMNF-Vestland, fylkeseldrerådet og FFO Vestland.

«Må vite kvar skoen trykker»

På den første digitale samlinga ba fylkesvaraordførar Natalia Golis om tilbakemeldingar på saker råda vil ta opp.

– Vi ønskjer å ta grep for å kunne tilby kompetanseheving og auka kunnskap på lokalt plan i alle kommunar der de bur. Vi tilrår dei kommunale råda om å vere proaktive for å få fleire saker til behandling. Vi som politikarar må vite kvar skoen trykker, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis. 

– Vi kan ikkje setje vekk arbeidet til amatørar og ufaglærte, seier areal- og samfunnsplanleggar Aina Tjosås i ABO plan & arkitektur (t.v.). Sigrid Bjercke er med i arbeidsgruppa for samlinga.
– Vi kan ikkje setje vekk arbeidet til amatørar og ufaglærte, seier areal- og samfunnsplanleggar Aina Tjosås i ABO plan & arkitektur (t.v.). Sigrid Bjercke er med i arbeidsgruppa for samlinga.

Breitt samarbeid

Dette er første gongen slike digitale samlingar og opplæring for dei kommunale eldreråda, råda for menneske med nedsett funksjonsevne og fellesråda er gjennomført. Det er og nytt med så breitt samarbeid på tvers i fylkeskommunen og med organisasjonane. Målet er at råda, administrasjonen og dei andre folkevalde skal kjenne rolla til råda og ta i bruk kompetansen deira.   

– Dette er arbeid vii ikkje kan setje vekk til amatørar og ufaglærte, seier Aina Tjosås. Ho er tidlegare kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune og no rådgivar for areal- og samfunnsplanlegging i ABO plan & arkitektur. 

Endra strategi

Ei arbeidsgruppa planla ei fellessamling i Bergen i starten, men endra raskt strategi etter at korona vart ein premiss for det meste.  Det som var ein barriere, vart eit høve. Der det tidlegare kunne vere samla 100 deltakarar på ei fysisk samling, melde no 36 av dei 43 kommunane i Vestland seg på med over 400 deltakarar. 

Samlinga vart organisert som webinar, der kommunane fekk i oppdrag å samle råda sine lokalt, mens prosjektet betalte maten. I forkant fekk dei oppgåver til gruppearbeid som var lagt inn som ein eigen bolk i programmet.

Finne løysingar

I fleire kommunar hadde meir enn 20 personar meldt seg på og samla seg i eigne lokale med representantar både frå råda, administrasjonen og politikarar. 

Bufdir ved Anders Eriksen gav ei grundig gjennomgang av rolla til råda og deira oppgåver.  Arne Torget frå Kvinnherad heldt kulturelt innslag og presenterte for første gongen eit heilt nytt dikt om Vestland (til slutt i teksten).  Leiar i RMNF-Vestland oppsummerte og avslutta samlinga med håp om at samlingane kan vere eit godt utgangspunkt for råda sitt arbeid vidare. Dei skal vere eit utgangspunkt for å jobbe saman, finne løysingar som fungerer og klare å ha påverknad i den rolla representantane er valde inn i.

Vegval

Den andre samlinga hadde eit djupdykk i arbeidet med universell utforming og tilgjengeleg. Generalsekretær i FFO opne samlinga, og Vestland fylkeskommune presenterte sitt vegval om å skape sosial meirverdi gjennom utviklingsplanen som handbok.

VESTLAND

Vestland er Noreg på sitt beste
Eit vakkert fylke som inneheld det meste. 

Vestland med sin rikhaldige meny 
Med det beste av alt i bygd og by. 

Vestland, så vakker at det er ein lyst 
Med sine storslagne landskap langs fjordar og kyst. 

Vestland, så vill, så vakker og lun 
Velstelte gardar og vakre tun.

Vestland, her me klorar oss fast 
Der livet ikkje går i ein hast. 

Vestland, vakkert på alle måtar 
Med våre ferjer, tunnelar og rutebåtar.

Vestland har mykje godt på hand 
Med jordbruk, industri og grûnderand. 

Vi er ikkje redde for å streva 
Vi gjer det vi må for å overleva.

Vi har levd her, i hundrevis av år 
Og livnært oss av landskapet og naturen vår. 

Vi har sjølv sytt for mat på bord 
Hausta av åker og eng, av hav og fjord.

Vestland har sine barske sider 
Men vi har tilpassa oss skiftande tider. 

Vi har alltid funne løysingar i lag 
Var der ei elv, kom det mølle og sag.

Var der behov for båtar kom det skipsbyggjeri 
Som har gitt grunnlag langs kysten for ny industri. 

Vestland har sitt særeigne preg 
Der fjorden var vegen har det no komme veg.

Vestland og turisme går hand i hand 
Med dei vakraste hotell i Noregs land. 

Vestland frå fjell til der fjord møter hav 
Vi har livnært oss av det naturen gav.

Vestland er staden for eit rikt liv 
No er vi eit nytt fylke med ny giv.

Vestland har no kome i stand 
Ei pakt mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

Det er no vi har muligheten til å setja vårt preg 
Vestland fylke, det er du og eg. 

Vestland fylke, med bygd og med by 
Vi er gode vestlendingar, vi er stolte og kry!

Arne Torget