Lyser ut tilskot til folkehelsearbeid, klimaomstilling og by- og stadutvikling

Kommunar, lag og organisasjonar i Vestland kan søkje fylkeskommunen om støtte til planlegging og gjennomføring av omstilling eller utviklingsprosjekt i heile fylket. Søknadsfristen er 15. mai.

foto av person på elsykkel
KLIMA- OG MILJØARBEID: Dei tre tilskotsordningane for klimaomstilling skal stimulere til klima- og miljøarbeid i heile fylket. (Foto: Norsk elbilforening)

– Det at vi får desse tilskotsordningane på plass i den stoda vi står i no, vil vere til hjelp for mange. Fylkeskommunen si rolle som regional utviklar og tilretteleggjar har knapt vore viktigare, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland. 

Fylkesutvalet vedtok dei fem tilskotsordningane – ei for folkehelse, ei for by- og stadforming og tre for klimaomstilling – i møtet 26. mars.

Utviklingsmåla for Vestland

Pengane frå ordningane skal nyttast til å følgje opp gjeldande regionale planar og strategiar, statlege føringar og forventningar og berekraftmåla til FN. Samstundes skal tilskota støtte opp om dei overordna måla i Utviklingsplan for Vestland, som fylkestinget skal vedta til hausten. Dei overordna måla er:  

  • Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling 
  • Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland 
  • Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping 
  • Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg

Berekraftsmåla sentrale i Vestland

Fylkesordføraren er oppteken av heilskapen i arbeidet fylkeskommunen gjer, at ein heile tida jobbar mot dei same måla – på alle område og med alle verkemiddel.

– Vi har sett oss ambisiøse mål. For å nå dei, må vi ta alle verkemidla i verktøykassen vår i bruk. Og for å sikre at vi lukkast på best mogleg måte, skal berekraftsmåla til FN underbyggje alt vi gjer, seier Jon Askeland.

Tilskotsordningar for klimaomstilling

Det er sett av 2,6 mill. kr til tre tilskotsordningar for klimaomstilling i 2020. Alle tre er etablerte for å stimulere til klima- og miljøarbeid i heile Vestland, både i kommunar, i lag og organisasjonar og i miljøorganisasjonar.

Prosjekt og tiltak med ambisjonar om å bidra til klimaomstilling i Vestland, og som støttar mål og strategiar i Klimaplan for Hordaland og Regional plan for klimaomstilling, vert prioriterte. 

Planane finn du på denne sida, under Regionale planar for klima, energi og omstilling.  

Kommunane kan få 100 000 kvar til folkehelsearbeid

Det er kommunane i fylket som kan søkje om tilskot frå tilskotsordninga om folkehelsearbeid. Pengane skal brukast til kommunale prosessar og utviklingsarbeid, som støttar opp om mål og strategiar knytt til dei regionale planane for folkehelse. Kommunane må sjølvsagt ta utgangspunkt i kunnskapen sin om lokale behov i arbeidet.  

I budsjettet for 2020 er det sett av 100 000 kr til kvar av kommunane i denne ordninga. Pengane skal fordelast likt etter søknad.

Her kan du lese meir om tilskotsordninga for folkehelsearbeid.

3,8 millionar kroner til by- og stadutvikling

Tilskotsordninga for by- og stadutvikling er også for kommunane i fylket. Dei kan nytte midlane til planlegging og realisering av prosjekt som styrker eller etablerer 

  • sosial berekraft, universell utforming og inkluderande by- og stadutvikling 
  • eitlevande sentrum 
  • aktiv og deltakandemedverknad 
  • kunnskapsgrunnlag 
  • mellombelsemøteplassar 

Berekraft er eit grunnleggjande premiss ved tildeling av midlar. Søknader kan bli vurderte som særskilt positive om dei er femner over fleire innsatsområde og søker samarbeidspartnarar på tvers. 

Det er budsjettert 3,8 mill. kr til denne tilskotsordninga i 2020.

Her kan du lese meir om tilskotsordninga for by- og stadutvikling.