Løyver 1 million til scenarioanalysar om korona i næringslivet

Hovudutval for næring løyver 1 million kroner til å finansiere scenarioanalysar om konsekvensane koronapandemien har for næringslivet.

Oversiktsbilete som viser industri i Høyanger
SKAL FØREBU NÆRINGSLIVET: Scenarioanalysane skal førebu næringslivet på kvardagen etter covid-19, og på globale trendar lenger fram i tid, for eksempel grøn omstilling (Illustrasjonsfoto frå Høyanger).

Scenarioanalysane skal knyte saman eksisterande kunnskap om næringslivet, særtrekk ved Vestland, informasjon om korleis samfunnet generelt, og Vestland fylke spesielt, er råka av den pågåande covid-19-krisa og oljeprisfallet.

Treng ei overordna analyse

- Vi har allereie mykje kunnskap om næringslivet i fylket før krisa, og ein del kunnskap om korleis næringslivet har utvikla seg under krisa. Samtidig manglar vi ei god analyse for vegen videre, seier Tor André Ljosland (KrF), leiar i hovudutval for næring.

Han legg til at næringslivet i fylket ikkje ligg på latsida i krisa og at me saman kan komme styrka ut på lang sikt om me våger å satse.

- Analysane skal ta omsyn til potensialet for utvikling i Vestland og sei noko om korleis vi bør ruste oss for framtida, seier Ljosland.

Har gjennomført konkurranse

Vestland fylkeskommune har allereie gjennomført ein konkurranse om utarbeiding av scenarioanalysar for næringslivet i fylket. Utlysinga av konkurransen vart gjort med atterhald om finansiering. Kostnadsramma for oppdraget er på 1,5 million kroner, der Vestland fylkeskommune sin del er inntil 1 million kroner.

Skal førebu næringslivet

Initiativet til scenarioanalysane kom mellom anna frå næringsråd og fleire regionar i Vestland. Dei ville at fylkeskommunen skulle lage ei slik scenarioanalyse for å førebu næringslivet i fylket på den nye kvardagen etter covid-19, og på globale trendar lenger fram i tid – som grøn omstilling.

Scenarioanalysane er ledd i arbeidet med å utarbeide ein regional næringsplan basert på smart spesialisering-metodikken. Kort forklart går «smart spesialisering» ut på å finne nye forretningsområde der dei sterke miljøa i næringslivet kan hevde seg. I metoden, som skal fremje fornying og omstilling, kan myndigheitene ta ei pådrivarrolle for utvikling av nye nisjar og næringsområde. Fleire norske fylkeskommunar bruker metoden som verktøy for næringsutvikling.