Lanserte Vestlandsmodell for riktig kompetanse i arbeidslivet

– Bømlomodellen må rullast ut og bli ein Vestlandsmodell, sa stortingerepresentant Liv Kari Eskeland på dialogmøtet som skal sette retning for Vestland fram mot 2030.

RETNING: Fylkesordførar Jon Askeland, stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland og Morten Myksvoll i Bergens Tidende diskuterer retninga til Vestland dei neste 10 åra.
RETNING: Fylkesordførar Jon Askeland, stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland og Morten Myksvoll i Bergens Tidende diskuterer retninga til Vestland dei neste 10 åra.

Erling Lodden, personaldirektør i Eidesvik AS på Bømlo, fortalde om suksessen til Bømlomodellen til dei 300 framøtte på dialogmøtet til fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis på Amalie Skram videregående skole.

– Dette er ein modell som skal sikre framtidsretta og riktig kompetanse til arbeidslivet. Vi skal utdanne nok fagarbeidarar med høg kvalitet og utnytte høg teknologi. Vi må slutte med å utdanne elevar til yrke der dei ikkje får jobb, sa Lodden.

– Bømlomodellen skal sikre framtidsretta og riktig kompetanse til arbeidslivet, seier Erling Lodden, personaldirektør i Eidesvik AS.

Må ut med informasjon

Han viste til ei undersøking hos elevane på Bømlo som ikkje hadde kryssa av for 40 av yrka som næringslivet har bruk for. Derimot hadde elevane kryssa av for 20 yrke som næringslivet ikkje har bruk for.

– Elevane må bli kjende med yrka før dei tek val. Vi må ut med informasjon til ungane i barnehage og skule, slik at dei tydleg får auga opp for yrke der det er jobb å få.

Dette er Bømlomodellen: Eit godt samarbeid mellom næringslivet, skular, opplæringskontor og politikarar. Målet er å få nok fagarbeidarar til yrka det er behov for. Ei brei samansett prosjektgruppe jobbar med dette. Erling Lodden er med i styringsgruppa. Førebels er dette eit pilotprosjekt.

Geir Bjørkeli er administrerande direktør i Corvus Energi på Midttun som produserer batteri til 400-500 skip i året.
Geir Bjørkeli er administrerande direktør i Corvus Energi på Midttun som produserer batteri til 400-500 skip i året.

– Vi har ein sterk heimemarknad. Vi skal ikkje koste fylkeskommunen mykje. De kan heller bruke pengane på vidaregåande skular, sa Geir Bjørkeli som er administrerande direktør i Corvus Energi på Midttun som produserer batteri til 400-500 skip i året.

Må motivere elevane

– Vi må motivere elevane til å velje rett utdanning for lokalt og regionalt næringsliv, sa Erling Lodden.

– Næringslivet har ei kjempeutfordring med å fortelje ungdommen om det spennande næringslivet som finst der ute. Dialogen med næringslivet må starte på barnehagestadiet, sa Liv Kari Eskeland.

– Kva tiltak kan vi gjere for at rådgjeving i skulen kan bli betre? spurde fylkesordførar Jon Askeland.

– Dette har vi diskutert mykje, men vi har ikkje alle svar. Rådgjevarane må gå ut og snakke med bedriftene, og næringslivet må invitere rådgjevarane inn til seg. Relevante yrke må bli tidlegare presentert for elevane. Her har vi avdekka eit område som den norske skulen må bli betre på. Dette er relevant for Vestland fylke. Vi vil dele erfaringa vi har gjort, sa Erling Lodden.

Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd og Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd presenterte optimistiske tal for næringslivet i regionen, her med fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Gutane fell ut, jentene stikk av

Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd, skisserte eit anna problem med å sikre næringslivet rett arbeidskraft.

– Gutane fell ut, og jentene stikk av. Dette er utfordringane. Alt for mange fell av undervegs, og mange av jentene reiser vekk andre stader. Fråfallet startar lenge før vidaregåande skule. Det er så mange som ikkje gjennomfører skulen at vi er nøydde til å gjere ting annleis, sa Marit Warncke.

– Her føler eg ansvar for å hindre fråfallet. Vi skal gå tungt inn i dette og få til livsmeistring heile vegen. Fylkeskommunen må ta tydeleg regi. Og vi må få jentene til å bli verande i regionen. Det vil sikre lokalsamfunna, sa fylkesordførar Jon Askeland.

– Vi skal bli meir miljøvenleg, berekraftig og meir sjølvforsynt, seier Victoria Halleraker (t.v.) og Såga Kyrkjeøy som går i tredje klasse på Amalie Skram videregående skole.

«Gønne» og «grønne» på

Det overordna målet for dialogmøtet var å «gønne på» og «grønne på» for å sette retning for Vestland dei neste 10 åra. Fylkesordføraren meiner vi må raske på og kome fort i gang, mens fylkesvaraordføraren set retning innan klima og miljø.

To elevar ved Amalie Skram videregående skole fortalde kva dei trudde vil skje framover.

– Vi skal bli meir miljøvenleg, berekraftig og meir sjølvforsynt. Og vi vil få meir teknologi. Vi trur yrka vil bli meir berekraftige, sa Victoria Halleraker og Såga Kyrkjeøy.

Victor Urnes er 17 år gammal elektrolærling som bygger flysimulator og drone med plass til to passasjerar ved Reodorklubben i Førde. Anders Haugen er forretningsutviklar i Hellenes AS i Førde.

Reodorklubb

Fleire gode døme på samarbeid for å skape nye arbeidsplassar vart presentert. I Førde har Førde Verftet blitt ein samlingsstad for skaparkraft med Hellenes AS og Reodorklubben.

Anders Haugen er forretningsutviklar i Hellenes AS

– Førde Verftet som Hellenes eig, er blitt blant dei verdsleiande. Her koplar vi utdanning og næring. Dette er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, høgskulen og Sunnfjord kommune. Her samlar vi ressursar og delar ressursar, seier Anders Haugen.

Susanne Sørli Slettebakken og Leander Sunde i Vestland ungdomsutval har tru på at det skal gå bra dei neste 10 åra, her med fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Har utstyr og kunnskap

Hellens AS driv mellom anna med handtering av avfall frå boring etter olje. Victor Urnes er 17 år gammal elektrolærling i Hellenes AS og aktiv i Reodorklubben som er etablert på Førde Verftet,

– Vi har bygt ein flysimulator på under eit år til kostnad av under en halv million kroner, Vi presenterte simulatoren på ein messe i Orlando. Dei trudde ikkje på oss, men vart imponerte. Dei ville ha brukt mange millionar kroner på å bygge noko tilsvarande. Vi har brukt tilgjengeleg utstyr og kunnskap som vi har og sette i gong. Det var berre å gjere det. No skal bygge ein drone med plass til to passasjerar. Den skal ha åtte rotorar. Den vil nok bli dyrare å bygge enn flysimulatoren, seier den 17 år gamle elektrolærlingen, Victor Urnes.