Kystpilegrimsleia samla mellom to permar
Kystpilegrimsleia vart lansert i 2018. No kjem boka om denne viktige delen av kulturarven langs kysten vår.

– Kystpilegrimsleia er ei historie om kulturarven og er ei opplevingsreise der kulturskattane ligg som perlar på ein snor. Det å få samla denne reisa mellom to permar, gjer at fleire får vite om leia. Ho når ut til eit større publikum. Eg håpar denne boka kan vere ein døropnar til alle dei flotte opplevingane vestlandskysten har å by på. Og i tider med strenge reiserestriksjonar kan boka vere til stor glede og vere til inspirasjon i planlegginga av framtidig reiser, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering.
Meir informasjon om boka og korleis du bestiller ho, finn du her.
Kystpilegrimsleia er historisk basert på den viktigaste pilegrimsferdsla i landet, langs sjøvegen. Leia er godkjend som del av det nasjonale systemet av pilegrimsleier og ruter – St. Olavsledene til Trondheim.
To regionale pilegrimssenter i Vestland
Prosjektet Kystpilegrimsleia er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag og dei fire bispedømma Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros. Prosjektet har vore del av Riksantikvaren sin programsatsing på verdiskaping.
Leia vart lansert i juni 2018 og har dei siste åra gått frå prosjekt til drift. Fire regionale pilegrimssenter er sett i prøvedrift. Dei ligg på Avaldsnes, i Bergen, i Selje og på Smøla. Sentera er del av den nye langtidsplanen for den nasjonale pilegrimssatsinga.
Omtalar nøkkelområde langs leia
Boka om Kystpilegrimsleia er på 300 sider og er rikt utstyrt med bilete og stoff om dei mange nøkkelområda langs leia. I Vestland er Moster, Halsnøy, Bergen, den indre og ytre farleia, Gulatinget, Kvernsteinsparken, Kinn, Svanøy og Selja blant stadane som vert presenterte.
Innleiingskapittelet er skrive av Alf Tore Hommedal ved Universitetet i Bergen. Pilegrimsprest Einar Vegge har skrive om dei mange bønene som følgde «pilegrimsskuta» RS Risør 2 på ferda nordover under lanseringsseglasen i 2018.