Kven skal få den første klimaprisen i Vestland fylke

Kjenner du til nokon som har gjort ein ekstra klima- og miljøinnsats anten det siste året eller over tid? No kan du nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder til den første klima- og miljøprisen i Vestland. Prisen er på 70 000 kr.

Foto av ungar som leverer flasker og glas til resirkulering
KLIMAOMSTILLING: Klima- og miljøprisen skal både inspirere og motivere til vidare innsats i arbeidet med klimaomstilling. Foto: Eric Sadorge

Prisen skal vise fram og honorere det gode klima- og miljøarbeidet i Vestland og kan gå til personar, verksemder, lag og organisasjonar. Prisvinnaren må kome frå Vestland og må ha vist evne og vilje til å yte ein klima- og miljøinnsats ut over det vanlege.

Vil løfte fram dei gode døma

Alle kan nominere kandidatar, og nominasjonsfristen er 28. februar.

– Vi har mange gode døme på klima- og miljøtiltak her vest, som viser att i stort og smått. Fellesnemnaren for vellukka klima- og miljøarbeid er haldningar og vilje til å ta grep. Vi ynskjer med klima- og miljøprisen å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg og dei som motiverer andre. Vi leitar etter dei gode døma i kvardagen, og vi leitar etter dei store forretningsideane, som skaper aktivitet lokalt, og som kan seljast globalt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Prisen skal inspirere

Gode kandidatar til prisen er dei som har talent og viser kreativitet og evne til nyskaping. Vestland fylkeskommune er særleg oppteken av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland. Prisen skal også motivere til vidare innsats.

Les meir om prisen og nominer kandidaten din her.