Korona og kulturen, grønt skifte og kommune 3.0

Kulturkonferansen 2020 synte at kulturlivet tek ansvar og vil vere med å løyse store samfunnsutfordringar. Kreativitet, innovasjon og nyskapande problemløysing er dei sterkaste korta til kulturfeltet, meiner fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd.

foto av fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd
DIGITAL KONFERANSE: Per Morten Ekerhovd er fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, og han både innleia og avrunda kulturkonferansen 16. oktober. På det meste var opptil 300 deltakarar innom den digitale konferansen.

– Vi gjekk inn i konferansen med det store spørsmålet korleis kan kunst og kultur bidra i samfunnsutviklinga og styrkje fellesskapa i Vestland. Vi hadde med oss mange flinke folk, og eg tykkjer vi fekk gode og tankevekkande svar. Vi vart minna om at kulturlivet er ein viktig del av beredskapen i samfunnet, og kan bidra til å løyse relevante utfordringar når dei oppstår, seier Ekerhovd.

Kulturkonferansen 2020 var digital og gjekk føre seg fredag 16. oktober.

Grønt vegkart for kultur

Eitt tema på konferansen var prosjektet Grønt vegkart for kultur, og korleis kulturlivet kan bidra til det grøne skiftet i samfunnet. Målet med prosjektet er å identifisere effektive tiltak og grep for meir berekraftig drift og overgang til grønare drift i kulturlivet.

Simen Bjørgen er direktør i Kulturminnefondet, og fortalde korleis fondet bidreg til grønare kulturminneforvaltning. Prosjekt over heile landet får midlar til bevaring og gjenbruk av eldre bygningsmasse.

– Mange kulturminne som får støtte, endrar tilstand frå å stå ubrukte og forfalle til å få ny bruk som til dømes heilårsbustad, fritidsbustad, museum og kurs- og konferanselokale. Det aukar samfunnsnytta til kulturminna. Det er betre og meir miljøvenleg å restaurere noko som alt er bygt, enn å rive for å byggje nytt, slo Bjørgen fast.

foto av Simen Bjørgen
GJENBRUK AV KULTURMINNE: Gjenbruk er eit ord i tida, også når det gjeld gamle bygg og kulturminne. Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet, deltok på kulturkonferansen og fortalde om gevinsten ved sirkulærøkonomi, og korleis fondet bidreg til at gamle kulturminne får nye liv.

Kultur under pandemien

Koronapandemien var eit naturleg tema på årets kulturkonferanse. Korleis går det med kulturlivet eit halvt år etter nedstenginga, og korleis skal vi ta vare på kulturlivet framover?

Hilde Sandvik som var ordstyrar for denne temabolken, siterte blant anna den svenske forfattaren Jonas Gardell på at kultur er ein stor industri som er i ferd med å gå under. Fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd meiner pandemien også har tvinga oss til å tenkje nytt og oppsummerer koronatematikken slik:

– Etter pandemien har vi sett kva som kan vere i ferd med å gå tapt. Vi er minna om kvifor kunst og kultur er viktig for oss, og vi ser kor sårbar infrastrukturen i kulturlivet er. Men det har også opna for ei type nyskaping som gir oss håp for framtida. Eitt døme på dette er Bergen Nasjonale Opera si oppsetjing av Carmen på NRK Hovedscenen 4. oktober. Der vart songarane filma i koronaisolasjon i Ukraina, Spania og Storbritannia, medan resten av opptaka skjedde i Oslo og Bergen, seier Ekerhovd.

Kommune 3.0

Overskrifta for den siste delen av kulturkonferansen var Kommune 3.0 – medborgarskap og meistring. Det handlar om korleis vi kan samskape og samhandle i den nye kommune- og fylkesstrukturen i Vestland. Korleis engasjere innbyggjarane, organisasjonar og offentlege aktørar? Korleis sikre at alle blir høyrde når vi skal drive samfunnet framover?

Fylkesvaraordførar Natalia Golis deltok i ein avsluttande samtale om temaet, og fekk spørsmål om kva som er draumekommunen 3.0.

– Visjonen for fylkeskommunen er lik inkludering. Vi må sjå på strukturendringar og måten vi opnar for innspel på. Får alle lik informasjon? Må vi politikarar vere meir fysisk ute blant dei vi ikkje får svar frå når vi sender ut spørjeundersøkingar? Og det å inkludere handlar også om å gi frå seg makt. For å gi folk ei stemme og rom til å meine noko i eit demokrati, må gjerne nokon andre gi frå seg makt, sa Golis.

foto frå samtale/debatt under den digitale kulturkonferansen 2020
SAMHANDLING OG SAMSKAPING: Korleis engasjere og involvere innbyggjarar, organisasjonar og det offentlege? Har vi rette metodar og verkemiddel? Det var tema for samtalen mellom fylkesvaraordførar Natalia Golis, kommunedirektør Terje Heggheim i Kinn kommune, byråd Katrine Nødtvedt i Bergen kommune og teatersjef Solrun Toft Iversen i Det Vestnorske Teateret. Samtalen vart leia av Hilde Bjørkum, kommunalsjef for kultur og idrett i Sunnfjord kommune.