Klar for anbod på låg- og nullutsleppsbåtar i lokalsambanda

- Vi har høge ambisjonar for betre klima og er no klare for anbodskonkurranse med nullutsleppsteknologi, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet vedtok i dag anbodsplanen for nye hurtigbåtar på lokalbåtsambanda i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Snøggbåt
HYBRIDE LØYSINGAR: For å sikre drifta, ha fleksibilitet og auka rekkevidde ser vi at vi i ein overgangsperiode må ha båtar med hybride løysingar. (Illustrasjonsfoto)

Vedtaket omfattar lokalbåtsambanda i Bremanger, Kinn, Vik og Høyanger kommunar. Eit samrøystes fylkesutval har for desse sambanda vedteke bruk av ein kortvarig kontrakt frå 2022 til 2024 med konvensjonelt drivstoff, før ein i 2024 skal starte opp drift med hybride løysingar.

Kva for ambisjonsnivå det vil bli for hybridgraden, blir lagt fram som politisk sak seinare i haust. Marknaden for låg- og nullutsleppsteknologi er i rask endring. Fylkeskommunen ventar at leverandørane også ved dette høvet responderer, og sikrar at Vestland fylke er i tet i det grøne skiftet.

Sikre drifta

Fylkesordføraren er klar på at snøggbåtane si hovudoppgåve er å stette dei daglege behova til innbyggjarane.

– Målet vårt om funksjonelle snøggbåtar utan utslepp står fast, men for å sikre drifta, ha fleksibilitet og auka rekkevidde ser vi at vi i ein overgangsperiode må ha båtar med hybride løysingar. Utsleppa vert uansett svært låge, og det er opp til leverandørindustrien å visa kor raskt dei er klare til å levere.

Saka om nye snøggbåtar på sambanda mellom Sogn og Fjordane og Bergen vart utsett og kjem opp igjen i neste fylkesutval 29. september.