Hybridbåtar mellom Bergen og Sogn og Fjordane

– Vi vil ha miljøvennlege snøggbåtar så snart som råd, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet har i dag vedteke at ny kontrakt for sambanda mellom Sogn og Fjordane og Bergen, skal tilrettelegge for innfasing av hybridbåtar så snart som mogeleg, men seinast innan utgangen av 2024.

STRANDKAITERMINALEN: Dei nye snøggbåtane skal bli hybride og miljøvennlege.
STRANDKAITERMINALEN: Dei nye snøggbåtane skal bli hybride og miljøvennlege.

Dette er modellalternativ B i saksførelegget. Det vart vedteke med 14 mot 3 røyster. Fylkesutvalet ber vidare om at fylkesrådmannen legg til rette for utlysing av ein nullutsleppspilot. Inntil hybridbåtar kan settast i drift, har fylkesrådmannen fått fullmakt til å inngå mellombels kontrakt (anten forlenging eller ny kontrakt) for perioden mai 2022 til utgangen av 2024, med høve til å avtale opsjon på 1+1 år. 

Grad av hybrid

Fylkesutvalet ber om ei sak i november der følgjande moment skal vere utgreidd: 

  • Ambisjon for hybridgrad
  • Framlegg til bruk av tildelingskriteria eller eventuell bonusmodell, inkludert vekting
  • Kontraktlengde og kontraktsform (brutto og netto) for rutepakke 1
  • Konkurranse- og kontraktsstrategi for pilotkontrakt
  • Framlegg til samband- eller rekkeviddekrav for pilotfartøy
  • Eigarskapsmodell for pilotfartøy 

Økonomisk støtte 

Fylkesutvalet presiserer at det er viktig at fylkeskommunen oppnår økonomisk støtte frå verkemiddelapparatet. Det er ein føresetnad at løysinga sikrar god driftstryggleikt, frekvens og regularitet.

Fylkesordførar Jon Askeland er godt nøgd med vedtaket. 

– Vi skal fase ut dei konvensjonelle snøggbåtane for å få ned utsleppa. Det ønskjer vi så snøgt som råd. Hybridbåtar er ei god, driftssikker og miljøvennleg løysing. Graden av hybrid skal vi kome attende til i ny sak i november. Vi har og bede om at det blir lagt til rette for utlysing av kontrakt for snøggbåtar med nullutslepp. Dette er og ei sak vi må kome attende til, seier fylkesordførar Jon Askeland.