Fylkesrekneskap 2019 – gode resultat både i Hordaland og Sogn og Fjordane

Dei to fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane fekk samla eit rekneskapsoverskot på 189,6 mill. kr i det siste driftsåret 2019. Dette viser fylkesrekneskapane for dei to fylkeskommunane som no er avslutta. Frå 1. januar 2020 gjekk dei to fylkeskommunane saman til Vestland fylkeskommune.

OVERSKOT: – Dei positive rekneskapsresultata kjem godt med i tida framover, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.
OVERSKOT: – Dei positive rekneskapsresultata kjem godt med i tida framover, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

—  Resultatet viser at det har vore god budsjettstyring både i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar i 2019. Dette gjev eit godt utgangspunkt for drifta framover, sjølv om den underliggjande økonomien er krevjande med stor auke i driftskostnadene og høg lånegjeld, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

— Vi har mange viktige utviklingsoppgåver framfor oss i det nye fylket, så dei positive rekneskapsresultata kjem godt med i tida framover. Saman skal vi byggje eit framtidsretta, nyskapande og berekraftig Vestland, understrekar Haugsdal.

Kort om dei einskilde rekneskapane nedanfor:

Rekneskap for Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommunen sin rekneskap for 2019 viser overskot på 78,3 mill.kr. Det er godt over gjennomsnittet dei seinare åra. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune enda med eit netto driftsresultat på 24,8 mill.kr - noko som utgjer 0,8 % av samla driftsinntekter. For fylkeskommunane er tilrådd nivå for netto driftsresultat på minst 4% av samla driftsinntekter.

Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad samansett av postar som er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunen sin kontroll. Samla var det i 2019 ei netto meirinntekt/innsparing på 60,1 mill. kr for fellesinntekter/-utgifter, der skatt og rammetilskot er dei største postane. Dei utgjer i sum om lag 2,44 mrd. kr og gav ei meirinntekt på om lag 18,5 mill. kr. Vidare viser rekneskapen meirinntekter knytt til premieavvik og pensjon 17,3 mill. kr, konsesjonskraft 15,2 mill. kr og kapitalinntekter og -utgifter 9,0 mill. kr.

Innsparing på sektornivå

Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt som prinsipp at ein skal ha budsjettdekning for dei tenestene som skal leverast. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostane nytta fullt ut, men kjem ut med mindre innsparingar på ein god del postar. Samla kom ein ut med ei netto innsparing på 18,2 mill. kr. på sektornivå i 2019. 

Sektornivået hadde ei netto utgiftsramme på nær 2,6 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 18,2 mill.kr. hadde sektorane – sett under eitt – ei budsjettgjennomføring på om lag 99,3 prosent. Ingen sektorar har brukt meir enn dei har hatt budsjettdekning for, dvs. at alle har såkalla mindreforbruk. 

Forvaltning kom ut med overskot 8,5 mill.kr. Dei fleste postane hadde mindreforbruk. Dei største er polisk styring med 2,3 mill. kr, administrasjon 2,0 mill. kr, diverse fellesutgifter 1,4 mill. kr og plan 1,4 mill. kr. 

Resultatoverføring til 2020

Opplæring kom ut med eit overskot på 7,1 mill. kr. Dei fleste postane hadde mindreforbruk, der dei største er skulelokale med 4,2 mill. kr, spesialundervising og særskilt tilpassa opplæring 3,85 mill. kr og pedagogisk leiing, pedagogiske fellesutgifter og gjesteelevar med til saman 3,45 mill. kr. Fagopplæring hadde eit meirforbruk på

4,5 mill. kr. Dei vidaregåande skulane og Fagskulen i Sogn og Fjordane hadde eit samla mindreforbruk på ordinær drift på om lag 4,7 mill. kr i høve budsjettet. Skulane har resultatoverføring til 2020 og nemnde innsparing påverkar såleis ikkje det samla rekneskapsresultatet.

Tannhelse fekk ei innsparing på 3,5 mill. kr. Også denne sektoren har resultatoverføring til 2020 og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat. 

Næring og kultur fekk eit overskot 0,8 mill. kr. 0,6 mill. kr av dette kom frå næring og 0,2 mill. kr frå kultur. 

Samferdsle fekk eit overskot 1,8 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er fylkesvegferjedrifta med 1 mill. kr og båtrutene med 0,8 mill. kr. 

Fylkesveg – drift og vedlikehald – hadde eit mindreforbruk på 21,1 mill. kr. Dette vert overført til bruk seinare år. Det påverkar såleis ikkje rekneskapsresultatet. 

Rekneskap Hordaland

Hordaland fylkeskommune hadde 111,3 mill. kr i overskot på 2019-rekneskapen. Driftsutgiftene i sektorane viser godt samsvar med tildelt budsjett. 

Totale driftsutgifter (ekskl. avskriving) var i 2019 på 8,8 mrd. kr. Til renter og avdrag på lån vart det brukt 812,9 mill. kr. Investeringane i 2019 var på 3,4 mrd. kr.

Hovudgrunnen til det positive resultatet er i stor grad at skatteinntektene vart 113,3 mill. kr betre enn budsjettert. Eit positivt rekneskapsresultat på om lag same sum viser dermed at det er godt samsvar mellom rekneskap og budsjett innanfor dei fylkeskommunale tenesteområda.

Små budsjettavvik i sektorane

Det største tenesteområdet er samferdsel med driftskostnader på 3,6 mrd. kr i 2019. Opplæringssektoren følgjer deretter med kostnader på 3,3 mrd. kr. Desse to sektorane står for om lag 80 prosent av driftsutgiftene.

Opplæringssektoren hadde balanse mellom rekneskap og budsjett medan samferdselssektoren kom ut med budsjettoverskriding på 21 mill. kr.

Overskridinga innanfor samferdselssektoren fordeler seg med 6 mill. kr på Skyss og 15 mill. kr på resten av budsjettkapittelet. Fylkesvegvedlikehaldet hadde budsjettoverskriding på 30 mill. kr, medan andre postar innanfor samferdselssektoren viser innsparing på 15 mill. kr.

Tannhelsesektoren viser eit negativt budsjettavvik for 2019 på 8,6 mill. kr, i hovudsak knytt til kompetansesenteret Tk Vestland.

Rentekapittelet viser innsparing på vel 23 mill. kr.

Treng vekst i inntektene i åra framover

Trass i det positive rekneskapsresultatet, har fylkeskommunen ein krevjande økonomisk situasjon. Netto driftsresultat var i 2019 på 91,5 mill. kr eller 0,9 prosent – klart under den tilrådde norma på 4 prosent. Høg lånegjeld og auka kostnader med nye, miljøvenlege ferjer og miljøvenlege bussar frå 2019-2020, vil føre til auke i både drifts- og investeringskostnadene dei komande åra.