Fylkesadministrasjonen på Sandsli stengt

OPPDATERT: Som følgje av auken i koronasmitta i Bergen vert fylkesadministrasjonen på Sandsli stengt i perioden 9. til 29. september. Du når oss som før via telefon og e-post.

Foto: Shutterstock
Foto: Shutterstock

OPPDATERT 12.09: Vi videreførar tiltaka til 29. september. Opprinneleg melding gjald t.o.m. 18. september. 

Fylkeskommunen følgjer oppmodinga frå Bergen kommune om at alle administrativt tilsette på Sandsli som kan, skal nytte heimekontor. 

Møtet i administrasjonsutvalet 9. september, som skulle vore i fylkesutvalssalen på Sandsli, vert i staden gjennomført som eit digitalt møte.

Det same gjeld dei politiske møta som var planlagde i Sogndal tysdag, onsdag og torsdag neste veke.