Fleirtalet i hovudutvalet føreslår nærskuleprinsipp

Hovudutval for opplæring og kompetanse behandla sak om inntak til vidaregåande skular 13. mai. Fleirtalet i utvalet ønskjer at alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur. Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka til hausten.

Illustrasjonsfoto av papir, bøker og hender. Skulearbeid.
INNTAKSMODELL: Fylkestinget skal seinare i år vedta kva modell som skal gjelde for inntak til vidaregåande skular i Vestland. Hovudutval for opplæring og kompetanse rår fylkestinget til å gå for nærskuleprinsippet. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

I tilrådinga si gjekk fylkesrådmannen inn for at Vestland fylkeskommune skulle delast inn i to inntaksregionar – tidlegare Hordaland og tidlegare Sogn og Fjordane. Vidare gjekk forslaget ut på at karakterar skulle avgjere kva skule og utdanningsprogram elevane kjem inn på.

Alle skal få gå på skule nær heimen

I møtet sette samarbeidspartia Ap, Sp, SV, KrF og MDG derimot fram forslag om at Vestland fylkeskommune heller skal følgje det såkalla nærskuleprinsippet. Det betyr at elevane skal få plass på ein skule nær der dei bur, og inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert. Fleirtalet ønskjer samstundes at elevar som ønskjer det, skal ha rett til å søkje seg til andre skular i Vestland.

– Nærskuleprinsippet handlar om at vi ønskjer å ha eit meir rettferdig inntakssystem som ikkje berre baserer seg på karakterar. Vi ønskjer også å gje elevane våre fleire rettigheiter ved at dei får ein rett til å gå på næraste skule. Dette er altså ein rett og ikkje ei plikt. Det vil difor også være mogleg for elevane å søkje seg til andre skular om dei av ulike grunnar ønsker det, seier Karianne Torvanger, som er leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Raudt støtta fleirtalet i utvalet sitt forslag om nærskuleprinsipp, medan representantane frå Høgre og FrP stemde imot.

Skal få fullføre på skulen ein startar

Fleirtalet i hovudutvalet ønskjer også at alle elevar på studieførebuande utdanningsprogram skal ha rett til å fullføre utdanninga si på skulen dei startar på. For dei yrkesfaglege utdanningsprogramma kan det vere vanskeleg å få til dette. Utvalet ber difor administrasjonen leggje fram forslag til korleis ein kan sikre ein slik rett best mogleg også for yrkesfag.

– Vi meiner det er viktig med eit mest mogleg føreseieleg opplæringsløp for elevane våre. Difor ønskjer vi å legge til rette for at elevane våre skal få fullføre på den skulen dei har starta på. Vi ser nokre utfordringar knytt til yrkesfag ved at alle skulane ikkje tilbyr dei same yrkesfaga, og at det er større spreiing i vifta av ulike vg2-fag, seier Torvanger.

Eit anna prinsipp i vedtaket frå hovudutvalet er at ingen elevar skal, ufrivillig, ha lang reiseveg. Fleirtalet i hovudutvalet ber fylkesrådmannen sjå til Agder fylkeskommune for å sjå om heile eller delar av inntakssystemet deira er i tråd med prinsippa ein ønskjer for Vestland.

Hovudutval for opplæring og kompetanse vedtok slik innstilling til fylkesutvalet

- Alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur.

- Alle elevar skal og ha rett til å søke seg til andre skular i Vestland dersom dei ynskjer det.

- Inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert.

- Ingen elevar skal, ufrivillig, ha urimeleg lang reiseveg. Difor skal elevar som mot si vilje får skuleplass langt unna heimstaden sin prioriterast ved inntak på ein skule som ligg nærare heimstaden til eleven.

- Alle elevar skal ha rett til å fullføre utdanninga si på den skulen dei startar på. Det skal altså vere rett til oppflytting frå vg1-vg2 og frå vg2-vg3 på studieførebuande program.

- For dei yrkesfaglege utdanningsprogramma kan det vere vanskeleg å oppfylle retten til oppflytting. Difor ber utvalet administrasjonen legge fram forslag til korleis ein kan sikre best mogleg rett til oppflytting.

- Rådmannen skal utarbeide eit inntakssystem basert på desse prinsippa. - - - Rådmannen bes spesielt sjå til Agder fylkeskommune for å vurdere om heile eller delar av deira inntakssystem er i tråd med prinsippa som er slått fast i dette vedtaket.»

Saksordførar skal følge saka vidare.