Eig du eit kulturminne? Søk tilskot!

Du kan få støtte til mange verdifulle skattar som verdsarven på Bryggen og i Nærøyfjorden, freda bygg, anlegg og fartøy, kulturminne og ikkje-kyrkjelege bygg frå middelalderen.

foto av veteranbåtar på fjorden
VERNA FARTØY: To av tilskotsordningane som har søknadsfrist 1. november, dreier seg om verna fartøy. Eigarar av slike båtar kan søkje tilskot til både drift og forvaltning og til sikring, istandsetjing og vedlikehald. Biletet er frå ei fjordabåtutflukt til Fedje i 2017. (Foto: Harald Sætre)

Tilskota skal i hovudsak gå til å restaurere og setje i stand freda og verneverdige kulturminne. Mange av ordningane har søknadsfrist 1. november.

Vil sjå ordningane i samanheng

Stortinget overførte med regionreforma fleire oppgåver på kulturminnefeltet frå Riksantikvaren til fylkeskommunane.

– Vestland fylkeskommune har god oversikt over regionale og nasjonale kulturminne i fylket. Vi har tett kontakt med både kommunar og private eigarar, noko som gjera at vi kan sjå tilskotsordningane i samanheng. Eg trur vi vil sjå god effekt av at det no er fylkeskommunen som forvaltar og fordeler desse tilskota, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Tilskot er viktig verkemiddel

Vestland fylkeskommune skal bidra til å ta vare på både den nasjonale og den regionale kulturarven i fylket vårt. Tilskotsordningar er ein viktig del av arbeidet og eit sentralt verkemiddel for å faktisk kunne halde kulturminna ved like for framtida.

Fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd håpar og trur på mange og gode søknadar til tilskotsordningane som fylkeskommune lyser ut no.

– På denne måten kan vi sikre at vi får sett i stand og halde ved like eit stort mangfald verdifulle kulturminne i Vestland, seier han.

Du kan søke støtte til