Fleire e-bøker og e-lydbøker

Regjeringa og Nasjonalbiblioteket la denne veka fram ei krisepakke med ekstraordinære tiltak for å gje folk eit best mogleg digitalt tilbod medan biblioteka er stengde.

foto av jente som les e-bok
E-BOK: Vi legg særleg vekt på å byggje opp eit freistande e-bok- og e-lydboktilbod for barn. (Foto: Patricia Prudente/Unsplash)

Vi blir oppmoda om å halde oss heime, og alle biblioteka i landet er stengde, noko som gjer at vi ikkje kan låne fysiske bøker og anna materiale. Det rammar storbrukarane av bibliotektenestene, som barn, pensjonistar og minoritetar, særleg hardt.

Mangfald av bøker rett heim

Biblioteka i Vestland fylke har fått 1,3 millionar kroner frå staten til å styrke tilbodet av e-bøker og e-lydbøker. Bergen Offentlige Bibliotek har i tillegg fått vel ein million kroner til same føremål.

– Heile samfunnet må omstille seg som følgje av pandemien, også biblioteka som no er stengde. Difor er Vestland fylkeskommune glad for at staten bidreg til at biblioteka i Vestland kan tilby fleire e-bøker og e-lydbøker. At biblioteka kan tilby eit mangfald av bøker rett heim til folk digitalt, er fantastisk i desse tider, seier leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering Stian Davies.

Fullt trykk på innkjøp denne veka

Ein av rådgjevarane på seksjon for bibliotekutvikling har denne veka brukt mesteparten av arbeidstida si til å kjøpe inn nye bøker. Fylkeskommunen legg særleg vekt på å bygge opp eit freistande tilbod til barn.

Biblioteka merkar at etterspurnaden etter e-bøker har skote i vêret no når vi er i ein unntakstilstand. På slutten av dagen onsdag denne veka, etter at det var kjøpt inn mykje nytt, var det allereie lånt ut 1500 bøker. Det er meir enn 1000 utlån meir enn i eit «normaldøgn».

Bidreg til inntekter til forfattarar

Dette er ei digital krisepakke som sikrar folk tilgang til bøker og bibliotektenester, men det gjev også inntekter til forfattarar og forlag.

Eitt av tiltaka i pakka er at biblioteka i Noreg får 20 millionar til ekstra innkjøp av e-bøker og e-lydbøker. Eit anna tiltak er at det blir fordelt 5 millionar kroner til fylka, som dei skal nytte til digital formidling.

Les meir om krisepakka på bibliotekutvikling.no.