Drosjar skal bli utsleppsfrie om fire år

Vestland fylkesting har vedteke å innføre utsleppsfrie drosjar i alle kommunar i Hordaland frå 1. april 2024. Fylkesadministrasjonen skal starte utgreiing om det er mogleg å innføre tilsvarande krav i samtlege kommunar i Vestland fylke.

OMSTILLING: Drosjane er på veg til å bli utsleppsfrie.
OMSTILLING: Drosjane er på veg til å bli utsleppsfrie.

Vedtaket inneber at alle drosjar i Hordaland for inntil ni personar ikkje skal ha utslepp frå 1. april 2024.

Fylkeskommunen gjev støtte og investering i infrastruktur for lading. Fylkestinget ber om at arbeidet med å byggje ut ladeinfrastruktur i heile Vestland fylke held fram.

Prioritering

Fylkestinget har vedteke at alle kommunar i Vestland fylkeskommune skal prioriterast på lik linje for den vidare utbygginga etter ein felles gjennomgang. Dette skal legge til rette for at kravet om nullutsleppsdrosjer kan innførast i heile fylket.

Fylkestinget ber vidare om at hovudutval for samferdsel og mobilitet i 2022, før praktisk iverksetjing av forskrifta i 2024, får ei orientering om stoda kring ladeinfrastruktur, køyretøy for personar med nedsett funksjonsevne, køyretøy med 4-hjulstrekk, konsekvensar for grensekommunar og korleis endringar i yrkestransportlova slår inn for drosjenæringa.

41 mot 24

Vedtaket vart gjort med 41 mot 24 røyster. A, Sp, MDG, KrF, SV, V, R og P røysta for. H, Frp og FNB røysta imot innføringa av nullutsleppsdrosjar.

Dei første eldrosjane er alt på plass. Fylkeskommunen har gjeve tilskot til bygging av ladestasjonar for drosjar på Bergen lufthamn, Flesland og ved Bygarasjen i Bergen sentrum. Vidare vil alle drosjeselskap få støtte til å bygge ladestasjonar ved administrasjonsstaden sin.