6,3 millionar kroner til kulturbygg

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fordelt 6,3 millionar til 17 kulturbygg rundt om i fylket. Politikarane er samstundes skuffa over dei store statlege kutta i ordninga, og ber ministeren kome på bana.

foto av Sogndal kulturhus
STØTTE TIL KULTURHUS: Sogndal kulturhus får den største løyvinga i denne tildelingsrunden med 750 000 kr. (Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons)

Vestland fylkeskommune fekk i år inn 46 godkjende søknadar om til saman 27,6 millionar kroner til kulturbygg.

Enormt behov for pengar

– Det er svært gledeleg å kunne bidra til aktivitet i kulturhusa i fylket, men akkurat i denne ordninga skulle vi gjerne hatt veldig mykje meir pengar å dele ut. Behovet er enormt i heile Vestland når vi ser mengda med søknadar. Staten har kutta kraftig i spelemidlane til kulturbygg dei siste åra. Det gjer at fylkeskommunane sit att med ein mykje mindre pott til utdeling enn tidlegare, seier Stian Davies, som leiar hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Fylkesutvalet vedtok tidlegare i år ei fråsegn til Kulturdepartementet, og bad ministeren ta grep når det gjeld reduserte løyvingar til kulturbygg.

Viktig for kulturtilbod og samlingsplassar

Dei 6,3 millionane som vart fordelte i hovudutvalsmøtet 16. september, vart delte opp i større og mindre summar til større og mindre kulturbygg rundt om i fylket. Sogndal kulturhus fekk mest med 750 000 kr.

– Dette er viktige kroner for at vi skal ha gode kulturtilbod og samlingsplassar i fylket vårt. Ein sum på 50 000 kroner kan vere avgjerande for å halde oppe aktiviteten i eit mindre kulturbygg. Dei større kulturhusa gjerne treng meir pengar for å gjennomføre meir omfattande prosjekt, seier Davies.

På lista over dei som får tilskot no er både ungdomshus, bygdehus, samfunnshus, grendehus og andre.

Lite pengar kan svekke lokalt engasjement

– Kulturbygga er viktige arenaer for dei som driv med lokal kulturaktivitet som teater, dans og musikk. Difor er det synd at ikkje staten prioriterer meir pengar til dette. Eg er redd lite midlar til modernisering av kulturbygg kan svekke både lokal frivilligheit og lokalt kulturliv. Ikkje minst er eg redd for kva konsekvensar koronakrisa har for heile spelemiddelordninga, både for kultur, idrett og friluftsliv, slår hovudutvalsleiaren fast.

Desse kulturbygga får støtte i 2020

  • Vardetun ungdomshus, Alver: 215 000 kr
  • Værlandet Ungdomshus, Askvoll: 174 000 kr
  • Kolbeinsvik bygdahus, Austevoll: 500 000 kr
  • Salhushallen, Bergen: 500 000 kr
  • Os ungdomsskule - Os Aktiv , kulturdel m/scene, Bjørnafjorden: 500 000 kr
  • Gunnar S. Galleri, Høyanger: 500 000 kr
  • Vedvik Grendahus, Kinn: 396 000 kr
  • Eikefjord skule – kulturscene, Kinn: 500 000 kr
  • Øystese samfunnshus, Kvam: 150 000 kr
  • Mollandsmarki grendahus, Luster: 54 000 kr
  • Nordbygda samfunnshus, Masfjorden: 425 000 kr
  • Samlingshuset Kongshall, Osterøy: 500 000 kr
  • Sogndal kulturhus, Sogndal: 750 000 kr
  • Gaular kulturhus, Sunnfjord: 148 000 kr
  • Bedehus, Kyrkjelydshuset i Førde, Sunnfjord: 253 000 kr
  • Dale kultursal, Vaksdal: 500 000 kr
  • Solvang ungdomshus, Årdal: 223 000 kr

Meir fakta og informasjon i den politiske saka om tilskot til kulturbygg i 2020.