17,8 millionar til koronaråka kultur- og idrettsaktivitet

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fordelt nesten 8,6 millionar til det profesjonelle kulturlivet, 3,1 millionar til frivillig kulturliv og 3 millionar til idrett og friluftsliv.

illustrasjonsfoto frå teaterførestillinga  Vestland Vestland
DET VESTNORSKE TEATER: Det største tilskotet til det profesjonelle kulturlivet går til Det Vestnorske Teateret, som får 608 000 kr av dei ekstraordinære midlane. Bildet er frå teaterstykket "Vestland Vestland", som var eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland. (Pressefoto: Espen Nyttingnes)

Dette er pengar som fylkesutvalet sette av i vår for å bøte på konsekvensane av koronapandemien. Dei blir omtalte som ekstraordinære midlar til ordinær aktivitet. Det kom inn til saman 175 søknadar om midlar innan fristen.

Midlane kjem i tillegg og vil vere eit supplement til andre midlar frå blant andre staten.

Bidrag til å halde fram aktivitet

– Med desse midlane vil vi hjelpe lag og organisasjonar å halde oppe aktivitet innan kultur, idrett og friluftsliv trass i at pandemien har lagt til dels store hinder i vegen. Fylkeskommunen skal slik vere med og bidra til at både kultur- og idrettslivet i fylket kan halde fram med den ordinære aktiviteten sin. Vi følgjer utviklinga innan kultur- og idrettslivet nøye framover, seier Øyvind Strømmen, som leia hovudutval for kultur, idrett og integrering under behandlinga av denne saka.

Leiar Stian Davies var ugild i saka sidan han sit i styret for Festspillene i Bergen, som var ein av søkjarane.

Mest til profesjonelt kulturliv

Størstedelen av midlane går til søkjarar innan det profesjonelle kunst- og kulturlivet. Hovudutvalet fordelte til saman nesten 8,6 millionar kroner til desse aktørane. Dei største summane går til Det Vestnorske Teateret, som får 608 000 kr og Stiftinga Hardanger og Voss museum, som får 500 000 kr.

Søkjarar innan det frivillige kulturlivet får til saman om lag 3,1 millionar kroner. Her varierer summane mellom 20 000 kr og opp til 800 000 kr til Vestland musikkråd. Musikkrådet kan igjen fordele desse midlane til medlemsorganisasjonane sine.

3 millionar til idrett og friluftsliv

Fylkeskommunen legg den regionale verdien til grunn for vurderinga av søknadane. Enkelte regionale paraply- og nettverksorganisasjonar kan vidareformidle midlar til medlemmane sine.

Det er noko av grunnen til at Vestland idrettskrets får i overkant av 2 millionar kroner. Hovudutvalet sender mange av søknadane som gjeld idrett og friluftsliv vidare til idrettskretsen. Til saman løyvde hovudutvalet om lag 3 millionar kroner til idrett og friluftsliv.

3,1 millionar til Grieghallen

Ein av søkjarane på dei ekstraordinære midlane var Grieghallen IKS. Grieghallen IKS fekk innvilga 3,1 millionar kroner då aktiviteten i Grieghallen er betydeleg redusert i år, noko som har medført stor reduksjon av inntekter frå utleige av lokale.

Du kan lese meir om saka i den politiske saka til hovudutvalet.

Desse får ekstraordinære koronamidlar

Hovudutvalet fordelte dei 17,8 millionar kronene slik:

Profesjonelt kulturliv

  • 3,14: 200 000 kr
  • Baroniet Rosendal - Rosendal Kammermusikkfestival / Baronikonsertene 2021: 450 000 kr
  • Bergen internasjonale filmfestival/BIFF+: 200 000 kr
  • Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur, LitFestBergen: 100 000 kr
  • Bergen Nasjonale Opera: 140 000 kr
  • Bergen Kunsthall, Bergens Kunstforening: 70 000 kr
  • BOREALIS: 300 000 kr
  • BRAK: 100 000 kr
  • Det Vestnorske Teateret AS: 608 000 kr
  • Festspillene i Bergen: 200 000 kr
  • FN-sambandet region sør-vest, kontoret i Bergen: 40 000 kr
  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival: 100 000 kr
  • Hardanger musikkfest: 100 000 kr
  • History Disposal Unit/WRAP: 70 000 kr
  • Hordaland kunstsenter: 100 000 kr
  • KODE kunstmuseer og komponisthjem: 200 000 kr
  • Kraft Bergen: 50 000 kr
  • Kraftmuseet – Norsk vasskraft- og industristadmuseum: 325 000 kr
  • Kunstgarasjen 200 000 kr
  • Kunstnarhuset Messan: 20 000 kr
  • Malakoff rockfestival: 100 000 kr
  • Moster Amfi - og kyrkjehistoriske senter a/s: 400 000 kr
  • Nattjazz: 300 000 kr
  • Norsk Forfattersentrum Vestlandet: 50 000 kr
  • Norway Fringe Festival as: 160 000 kr
  • Nynorsk kultursentrum avdeling Olav H. Hauge-senteret, Ulvik poesifestival: 100 000 kr
  • Oselvarverkstaden: 30 000 kr
  • Perfect Sounds Forever da: 30 000 kr
  • Proscen - produsentenhet for scenekunst: 40 000 kr
  • S12 galleri og verksted as: 30 000 kr
  • Stiftelsen Bergen Music Fest (Bergenfest): 200 000 kr
  • Stiftelsen BIT20Ensemble: 100 000 kr
  • Stiftelsen BIT20Ensemble (og EKKO-festivalen): 100 000 kr
  • Stiftelsen Bymuseet i Bergen: 200 000 kr
  • Stiftelsen Fargespill: 200 000 kr
  • Stiftelsen Kulturhuset USF: 150 000 kr
  • Stiftelsen Litteraturhuset i Bergen: 200 000 kr
  • Stiftelsen Museum Vest: 300 000 kr
  • Stiftinga Den norske bokbyen: 50 000 kr
  • Stiftinga Gloppen Musikkfest: 50 000 kr
  • Stiftinga Gloppen Musikkfest: 80 000 kr
  • Stiftinga Hardanger og Voss museum: 500 000 kr
  • Stiftinga Museumssenteret i Hordaland: 300 000 kr
  • Stiftinga Opera Nordfjord: 200 000 kr
  • Sunnfjord kommune / Rom for ord - litterære møtestader i distrikta: 200 000 kr
  • Sunnhordland museum: 100 000 kr
  • Sveio kommune / Fartein Valen-festivalens satellittkonsertar: 40 000 kr
  • Teater Vestland AS: 250 000 kr
  • Teaterdrift Bergen AS / Frontlosjefestivalen: 150 000 kr
  • Tekstallianse: 50 000 kr
  • Ullensvang kommune (Litteratursymposiet i Odda): 150 000 kr
  • Vill vill vest: 100 000 kr
  • Vossa Jazz: 100 000 kr

Frivillig kulturliv

  • AKKS Bergen: 60 000 kr
  • AKKS Bergen / Uflakks: 20 000 kr
  • Bjørgvin krets av Norges KFUK-KFUM-Speidere: 20 000 kr
  • Bømlo Teater: 100 000 kr
  • Gamle Innvik Ullvarefabrikk: 70 000 kr
  • Hardanger spillfestival: 25 000 kr
  • Hordaland husflidslag: 40 000 kr
  • Nordhordland veteranbåtlag: 70 000 kr
  • Norges korforbund Hordaland: 30 000 kr
  • Norges Korforbund Hordaland: 200 000 kr
  • Norges Musikkorps Forbund Hordaland: 200 000 kr
  • Norsk Jernbaneklubb avd. Bergen: 50 000 kr
  • Norsk senter for folkemusikk og folkedans / Bygda dansar Hordaland: 130 000 kr
  • Seniordans Norge, region Sogn og Fjordane: 20 000 kr
  • Seniordans Norge-region Hordaland: 100 000 kr
  • Sogn og Fjordane folkemusikklag: 100 000 kr
  • Stiftelsen Baadehuset: 40 000 kr
  • Stiftelsen D/S Stord 1: 210 000 kr
  • Stiftelsen Det Norske Arboret : 40 000 kr
  • Stiftelsen Nye Fyllingsdalen Teater - Teaterfestival 2021: 180 000 kr
  • Stiftinga Musikkbransjetreffet 100 Dagar: 60 000 kr
  • Stiftinga Norsk Countrytreff: 180 000 kr
  • Sunnhordland Amatørkulturråd: 150 000 kr
  • Vestland musikkråd: 800 000 kr
  • Vestlandske Teatersenter: 200 000 kr
  • Vinnesholmen Kystlag: 25 000 kr

Idrett og friluftsliv

  • Vestland idrettskrets: 2 035 000 kr
  • Bergen og Hordaland Turlag: 175 000 kr
  • Bergen og Omland Friluftsråd: 550 000 kr
  • Friluftsrådet Vest: 70 000 kr
  • Norges Jeger- og Fiskerforbund – Hordaland: 50 000 kr
  • Olympiatopppen Vest: 50 000 kr
  • Sogn og Fjordane Turlag: 50 000 kr
  • Stiftinga Ekstreme Voss / Ekstremsportveko: 100 000 kr