– Vestlandsk infrastruktur hindrar vekst og utvikling
Nasjonal transportplan var tema då fylkesordførar Jon Askeland møtte samferdselsminister Knut Arild Hareide i Stavanger. – No er det Vestlandet sin tur, seier Askeland.
Gjennom fleire dialogmøter i februar og mars fekk fylkesordførar Jon Askeland innspel til Nasjonal transportplan (NTP) og kva som bør prioriterast på fylkesvegane. Utfordringar med skred og flaum, smale omkøyringsvegar, i tillegg til miljø og klima har vore gjennomgåande tema på dei ulike møta. I alt kom det inn 67 høyringsinnspel til fylkeskommunen.
Torsdag møtte fylkesordførar Jon Askeland og representantar frå hovudutvalet for samferdsel og mobilitet, samferdsleminister Knut Arild Hareide i Stavanger.
Statsråden sitt mål med møtet var å ha ein overordna og strategisk diskusjon om utfordringar og prioriteringar på vegane.
– Vestland er landets største verdiskapingsfylke, og etterslepet i den grunnleggjande infrastrukturen som fylkesvegnettet representer er til hinder for vidare vekst og næringsutvikling, sa Jon Askeland under møtet.
Arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2022-2033 er i gang, og blir lagt fram våren 2021. Hareide er på norgesturné for å besøke dei største byane og for å diskutere prioriteringar i NTP. Samstundes besøker han næringslivet i regionane for å høyre kva transportutfordringar som er størst.
– Møtet har vore nyttig, og dette er starten på ein god dialog vidare, seier Askeland.