– Kjekt å kome attende til skulen
– Det er kjekt å kome attende igjen. Vi har sakna skulen, klassen og lærarane, seier elevar ved Slåtthaug videregående skole som måndag 27. april var tilbake i klasserom og på verkstader.
40 av 45 vidaregåande skular i Vestland vart opna. Det er elevar berre på vg2 og vg3 som skal avslutte skulegangen og må ha tilgang til verkstader som no er tilbake. Resten av elevane må framleis vere heime og få digital undervising. Det blir avgjort seinare når dei skal få kome tilbake.
Lærer mykje
Josef Mualla er ein av elevane som er glad for å vere tilbake på skulen. Han er elev på køyretøy vg2 og vil bli bilmekanikar. Denne første dagen etter stenginga var han i full aktivitet på bilverkstaden på Slåtthaug.
– Det er godt å vere tilbake her. Eg var utplassert i bedrift i 14 dagar rett før skulen vart stengt. Der lærte eg mykje og gledde meg til å kome tilbake til skulen for å vise det eg kunne. Men i staden måtte eg jobbe med teori heime. Det var kjedeleg, men eg vart flinkare av heimearbeidet. Eg fekk meir ro og fred og kunne konsentrere meg. Men no er det godt å vere tilbake på skulen. Eg likar å arbeide med hendene. Det er betre enn å jobbe med teori og på datamaskin. Vi lærer mykje her på skulen, og vi har gode lærarar, seier Josef Mualla, som har søkt læreplass som bilmekanikar og håpar på positivt svar.
Halve klassar
Sjølv om mange elevar er tilbake på skulen, blir det ikkje fulle klassar framover.
– For å følgje reglane om å unngå smitte, har vi berre halvparten av elevane på skulen om gangen, mens den andre halvparten skal halde fram med digital undervising heime. Så roterer vi dette i ein turnus. Før jobba vi mykje i grupper, no jobbar vi meir ein-til-ein. Det er viktig for oss å halde avstand til kvarandre for å unngå eventuell smitte. Elevane som er heime, får oppgåver og skal lese seg opp på stoffet. Så ser vi om dei har fått det med seg, seier Børge Eeg, som er lærar på køyretøy.
Vasking
Delar av den første skuledagen, etter stenginga 12. mars, vart nytta til vasking.
– Vi har ein litt annleis kvardag. Reinhald er prioritet nummer ein. Vi er nøye på handvask og at vi vaskar alt verktøy etter bruk. Om nokon får vondt i halsen, hostar og blir dårlege, så må vi sende dei rett heim. Vi vil avgrense all smitte. Derfor er det greitt at vi er i mindre grupper, mens vi får rutinane på plass, seier lærar Karl Gading på industriteknologi. Han har 14 elevar i klassen på vg2. Denne veka har han sju av elevane på skulen, mens dei andre sju har digital undervising heime. Neste veke byter han.
Nokre har lært meir enn vanleg
Røynslene med digital undervising heime er varierte.
– Vi har utfordringar. Ikkje alle taklar digital undervising heime. Dei skuleflinke jobbar godt. For dei som er midt på treet, har det fungert bra for nokre elevar som har vore ivrige og gjort innsats. Dei har lært meir enn dei elles ville ha gjort. Dei som har dårlege lesekunnskapar, har vi slite meir med for å få til sjølvstudium. Men når vi har flinke elevar i klassen, smittar dette over på dei andre elevane. Det løftar heile klassen, seier Børge Eeg.
Ikkje ordinær eksamen
Dei fleste elevane skal ut i lære når skuleåret er omme, men ordinær eksamen blir det ikkje.
– Alle eksamenar er avlyst, både munnleg og skriftleg. Men for at vi skal kunne sette riktig standpunktkarakter, skal kvar elev gjennom ein test her på skulen som minner svært mykje om eksamen. Dette gjer at elevane har noko å strekke seg etter.
Dei fleste får læreplass
Normalt får 90 prosent av elevane læreplass, men dette kan endre seg i år.
– Til no har opp mot halvparten av elevane fått læreplass, men vi har og elevar som har fått melding om at læreplassen er trekt attende grunna kroronapandemien. Vi veit at enkelte bedrifter slit og ikkje vil ta inn lærlingar. Elevane har vore utplassert i bedriftene i to periodar på 14 dagar kvar og nokre får napp på læreplass der. Men det vil komme tilbod om læreplassar fram mot sommaren og det plar og komme nokre tilbod i sommarferien, seier lærar Børge Eeg på køyretøy på Slåtthaug videregående skole.