Søk tilskot gjennom Tiltakspakke Vestland

Fylkesutvalet har løyvd 17,7 millionar kroner til tiltak for å avhjelpe situasjonen i næringslivet knytt til å dempe koronapandemien si verknad for næringslivet.

Søknadsfrist er 1. mai 2020. Vedtak og svar om tildeling vert gjort 15. mai 2020. For søknad retta mot «Auka tilbod om etter- og vidareutdanning» er søknadsfrist 1. juni.

Dei vedtekne innsatsområda som ein kan søkje om prosjektstøtte innanfor er:
  • Reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass
  • Støtte til næringshagar og inkubatorar
  • Auka tilbod om etter- og vidareutdanning

Støtte til reiselivsbransjen gjennom destinasjonsselskapa vert handtert i eiga utlysning med søknadsfrist 17. april

For søknadar retta mot næringshagar og inkubatorar gjeld desse vurderingskriterier (søknadsfrist 1. mai):

  • Tilby næringslivet individuell rettleiing med fokus på å mobilisere bedriftene til å dra nytte av nye verkemidel/tiltakspakker.
  • Auka kapasitet for kompetanseheving og opplæring av fleire rettleiarar
  • Bidra til omstillingsevne som gjer næringslivet betre rusta til vekst etter krisa

For søknadar retta mot Auka tilbod om etter- og vidareutdanning gjeld desse vurderingskriterier (søknadsfrist 1. juni):

  • Vi ynskjer særleg prosjekt som legg tiltrette for ny framtidig vekst og tilpassing til ny marknadssituasjon
  • Alle råka bransjar er prioriterte med særleg retting mot reiseliv og leverandørbransjen til oljenæringa.

Bakgrunn for saka

Desse dokumenta er styrande for bruken av midlane: Sak i fylkesutvalet 26. mars med vedtak og «Tiltakspakke Vestland».

Å raskt avhjelpe den vanskelege situasjonen i næringslivet er viktigaste premiss ved tildeling av midlar. Søkjar skal synleggjere at prosjektet tydeleg byggjer opp under måla i «Tiltakspakke Vestland». I vurdering av søknader legg vi vekt på effekten prosjektet vil ha for næringslivet i heile Vestland fylke. Prosjekt som i tillegg stør opp om vedtekne mål i Handlingsplan for næringsutvikling Vestland og er bidrag til auka grøn konkurransekraft er særleg verdsett.

  • Prosjektet skal vere i tråd med måla i «Tiltakspakke Vestland».
  • Prosjekt med regional effekt og som stør opp om vedtekne mål i Handlingsplan for næringsutvikling Vestland og er bidrag til auka grøn konkuransekraft.
  • Det er ikkje krav om maksimal støttedel frå fylkeskommunen. Prosjekt kan difor i særskilde tilfelle støttast 100%. Det er ynskjeleg med eigeninnsats i prosjekta og at prosjekta er komplementære med andre verkemiddel.
  • Reglar for godkjent timesats for eige arbeid følgjer Innovasjon Norge sine til ein kvar tid gjeldande reglar. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
  • Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar.
  • Ordninga er ikkje retta direkte mot enkeltbedrifter og privatpersonar. Bedrifter som fremjer fellestiltak for fleire verksemder, eller bransjeretta tilretteleggingsprosjekt, kan søke.

Det er eit mål at forvaltninga av desse midlane skal være rask og enklast mogleg. Fylkeskommunen kjenner bakgrunn g behova for auka kapasitet. Vi ser difor ikkje for oss lange og omfattande søknader. Vi ynskjer ein søknad som med få setningar gjer;

  •  Ei omtale av tiltaket det blir søkt  støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket, og der ein nemner kva relevans tiltaket har for formålet med tilskotsordninga.
  • Synleggjere kor raskt tiltaket vil avhjelpe situasjonen knytt til corona pandemien
  • Kort plan for gjennomføring, beskriving av aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
  • Beskriving av forventa resultat/effekt av prosjektet.
  • Budsjett og finansieringsplan.
  • Søknadssum
  • Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden

Søkjar kan opprette og lagre ein søknad i regionalforvaltning.no, og fortsette arbeidet med søknaden på eit seinare tidspunkt og fram til søknad er klar for innsending.
Sjå brukarstøtte til regionalforvaltning her.