Tilskot til breibandutbygging

Vestland fylkeskommune forvaltar midlar som skal gå til breibandutbygging i fylket. Gjennom denne ordninga vil vi sikre eit tilstrekkeleg godt breibandtilbod til områder det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår.

Regjeringa har gjennom mange år sett av midlar til breibandutbygging i distrikta. Tidlegare har fylka søkt Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) om midlar, eller fått ei fylkesramme som skal godkjennast av Nkom.

Frå 2020 får fylka eit forsterka ansvar for ordninga og tildeler midlar sjølve i tråd med nasjonale føringar. Nasjonale føringar og fylka sine økonomiske rammer er ikkje klare enno. Det er såleis for tidleg å seie noko om korleis ordninga blir i Vestland i 2020. Vi kjem attende med meir informasjon om dette.

Fylkeskommunen har ansvar for felles utlysing av prosjekta som fekk støtte i 2019. Første utlysing kjem i februar 2020.