Tilskot til innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til innovasjon og næringsutvikling i fylket. Du kan søke om delfinansiering til planlegging og gjennomføring av tilretteleggjande utviklingsprosjekt. Du kan og søke til tiltak som støttar opp under mål og strategiar i handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland 2020. I 2020 er det sett av 21,5 mill. kr. til ordninga.

Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland er styrande for bruken av utviklingsmidlane i 2020. I tillegg gir det føringar for andre offentlege aktørar sitt utviklingsarbeid i fylket.

Dei strategiske innsatsområda som ein kan søkje om støtte innanfor er:

  • Omstilling
  • Entreprenørskap og nyskaping
  • Kompetanse og karriere
  • Berekraftige byar og samfunn
  • Naturressursar
  • Grøn konkurransekraft og klimainnovasjon 
  • Forsking for styrka innovasjonsevne (hovudsakleg gjennom eigne støtteordningar)

På innsatsområdet «Forsking for styrka innovasjonsevne» er det to eigne støtteordningar eigne søknadsfristar, som Regionalt forskingsfond Vestland og mobilisering av bedrifter til forsking (løpande søknadsfrist).

Det finst og fleire støtteordningar innan dei andre innsatsområda – sjå Alle tilskot - Nærings- og samfunnsutvikling.

Klimaomsyn og berekraft er grunnleggjande premissar ved tildeling av midlar. Søkjar skal synleggjere at prosjektet tydeleg byggjer opp under FN sine berekraftsmål. I vurdering av søknader legg vi vekt på effekten prosjektet vil ha på verdiskaping og sysselsetting i regionen eller fylket, og om prosjektet er nyskapande og framtidsretta.

Aktørar med konkrete tilretteleggande prosjekt/tiltak kan søkje.

Midlane kan ikkje nyttast til direkte bedriftsstøtte eller etablerarstøtte. Slik støtte vert forvalta av Innovasjon Norge, kommunale næringsfond og regionale etablerarfond.

I 2020 er det to søknadsfristar. Søknadane vert handsama av hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon:

  • Søknadsfrist 15. april: handsaming i møte 4. juni
  • Søknadsfrist 15. september: handsaming i møte 25. november

Det kan vere lurt å vere ute i god tid, i fall du må levere meir informasjon for å få søknaden handsama.

Vi oppmodar alle med spennande idear til nye prosjekt og tiltak om å ta kontakt.

  • Prosjektet skal vere i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling
  • Midlane skal gå til mjuk infrastruktur som til dømes utviklingsarbeid, kompetanseheving og tilrettelegging for næringsutvikling.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, samt organisering, metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort og vurdert.
  • Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt.
  • Prosjekt med regional effekt eller overføringsverdi blir prioritert.
  • Driftskostnader i næringsverksemd eller organisasjonar kan normalt ikkje støttast om det ikkje er ein del av eit definert utviklingsprosjekt.
  • Vedlikehald av aktivitet vert ikkje støtta. Vedlikehald er aktivitetar som er naudsynte for å vidareføre eit produkt eller ei teneste på same nivå som i dag.

 

  • Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet, eksklusive mva. I særskilde tilfelle kan prosjekt støttast med ein høgare sats.
  • Reglar for godkjent timesats for eige arbeid følgjer Innovasjon Norge sine til ein kvar tid gjeldande reglar. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
  • Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
  • Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar.
  • Bedrifter, om tiltaket har som føremål å fremje tilretteleggande tiltak knytt til næringsutvikling.

Kven kan ikkje søkje:

  • Bedrifter (sjå unnatak over), etablerarar og privatpersonar. Bedriftsstøtte og støtte til etablerarar vert forvalta av Innovasjon Norge, kommunale næringsfond og regionale etablerarfond.
  • drift av næringsverksemd eller organisasjonar
  • kausjon eller anna økonomisk garanti
  • direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
  • renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • Ei omtale av tiltaket det blir søkt  støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og ei beskriving av kva relevans tiltaket har for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, beskriving av aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
  • Beskriving av forventa resultat og effekt av prosjektet.
  • Budsjett og finansieringsplan.
  • Søknadssum
  • Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden

Søkjar kan opprette og lagre ein søknad i regionalforvaltning.no, og fortsette arbeidet med søknaden på eit seinare tidspunkt og fram til søknad er klar for innsending.

Sjå brukarstøtte til regionalforvaltning her.