Vern om landskapet vårt

I Vestland fylke finn du vakker, men sårbar natur. Vi har alle ansvar for å sørge for at vi ikkje gjer skade på naturen når vi er på tur, overnattar ute eller ferdes på annan måte. Allemannsretten kan vi være stolte over, men med retten til å bevege oss fritt kjem også ansvaret for rett åtferd.

Friluftsloven – mest kjent som Allemannsretten – seier dette om ferdsel i naturen: 

«Einkvar som ferdast eller oppheld seg på annan manns grunn eller på sjøen utanfor, skal opptre omsynsfullt og varsamt for ikkje å valde skade eller ulempe for eigar, brukar eller andre, eller påføre miljøet skade. Han pliktar å sjå til at han ikkje etterlet seg staden i ein tilstand som kan verke skjemmande eller føre til skade eller ulempe for nokon. Grunneigar eller brukar har rett til å vise bort folk som opptrer omsynslaust eller ved utilbørleg åtferd utset eigedomen eller rettige interesse for skade eller ulempe.» 

Slik ferdast du sporlaust: 

  • Ikkje trakk nye stiar der det allereie eksisterer ein sti 
  • Skal du tenne bål, bruk ein bålplass som allereie eksisterer 
  • Ta alltid med deg heim igjen alt du har hatt med på tur. Du gjer også naturen ei stor teneste om du også plukkar med deg søppel du kjem over når du er ute på tur 
  • Har du bygd opp noko medan du var ute, ta det ned att før du forlet staden 
  • Vis omsyn til dyre- og fugleliv når du er ute i naturen. La ville dyr være i ferd, og hugs at søppel du legg att kan være til skade for dei.