Travel like the locals

«Travel like the locals» eller «Reis som dei lokale» er eit turkonsept for «ferdigpakka» turar med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar.

«Travel like the locals» er turistturar med kollektivtransport. Turane går med bussar, hurtigbåtar og ferjer som uansett skal gå og konseptet bidreg slik til å fylle tomme seter. Produktet gir turistar og reiselivsnæringa moglegheit til å velje eit miljøvennleg reiseprodukt. Ein vinn-vinn-vinn-situasjon for kollektivselskapa, reiselivsnæringa og dei reisande. 
 
Produktet er ferdig planlagde turar som kan kjøpast på nett og i turistinformasjonar. «Travel like the locals» skal vere med på å fylle tomme seter på bussar, hurtigbåtar og ferjer, skal bidra til å spreie turistane til distrikta og slik bidra til næringsutvikling, samt at det er med på å gjere det enklare for turistar å reise kollektivt på Vestlandet.
 
Per i dag er det ikkje turar som kryssar fylkesgrensene, men i vidareutviklinga vil det bli lagt vekt på fylkeskryssande turar for å binde fylka saman.
 
Satsinga er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei tre fylka. Konseptet vart utvikla med oppstart i 2016 i Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2019 blei dei andre fylka med.
 

Driftsmodellen er litt ulik i fylka. I Møre og Romsdal er det marknadsseksjonen i samferdsleavdelinga som har det heile og fulle ansvaret for drifta av «Travel like the locals». 

I Vestland og i Rogaland er det to destinasjonsselskap som har teke på seg prodkteigarskapen. Visit Nordfjord for gamle Sogn og Fjordane og Destinasjon Voss for gamle Hordaland og Rogaland. Kolumbus, Skyss og Kringom bidreg med ruteplanlegging. Øvrige destinasjonsselskap og turistkontor skal bidra med marknadsføring og sal lokalt. 

Bakgrunnen for oppdelinga er at fylkeskommunane og kollektivtransporten er organisert ulikt i fylka.