Tilskot til demping av koronaverknad i reiselivet - støtte til destinasjonsselskapa

Vestland fylkeskommune har etablert ei ordning for å støtte tiltak som kan dempe koronaverknaden innan reiselivet vårt. Destinasjonsselskapa kan søkje om tilskot til m.a. innsats for å støtte og rådgje reiselivsbedrifter i ei krevande tid, og til aktivitetar der ein bur seg på å få oppatt aktiviteten gjennom marknadsretta arbeid.

Vestland fylkeskommune ønskjer å dempe koronapandemien sin verknad for næringslivet vårt. Dette gjer vi med eit sett av tiltak for reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter og bedrifter i ei oppstartfase. Vi har også tiltak for å støtte bedrifter elles, og då som ei støtte gjennom Innovasjon Norge. Og vi har m.a. tiltak innan bedriftsintern opplæring. Det er utarbeidt ein tiltakspakke for ein samla fylkeskommunal innsats, som vert avstemt mot statlege tiltakspakkar og andre aktørar sin innsats.

Som ein del av denne samla innsaten lyser Vestland fylkeskommune no ut midlar som destinasjonsselskapa kan søkje på, m.a. til tiltak innan

  • Aktivitetar som støttar og rådgjev reiselivsbedrifter i ei krisetid, mellom anna om statlege tiltakspakkar og tilgjengelege tiltak for kompetanseheving
  • Tiltak der ein planlegg arbeidet med å få oppatt aktiviteten innan reiseliv, t.d. marknadsførebuande tiltak

Søknad skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no. Sjå brukarstøtte til regionalforvaltning her: http://support.regionalforvaltning.no/support/home

Søknadsfristen er 17.april, og søkjarar får svar på søknaden ei veke etter søknadsfristen.

Utfyllande informasjon finn du på: www.regionalforvaltning.no

  • Destinasjonsselskapa i Vestland, dvs dei 8 destinasjonsselskapa som inngår i Reiselivsforum Vestland.
  • Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket
  • Kort omtale av gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
  • Ønska resultat
  • Enkelt budsjett for prosjektet/tiltaket, med eige arbeid til prosjektleiing og prosjektarbeid
  • Finansieringsplan
  • Søknadssum
  • Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa
  • Fylkeskommunen kan finansiere inntil 100 % av tiltaka, som eit unntak i ei krisetid
  • Godkjent timesats for eige arbeid er normalt maksimalt kr 700. Timesats kan unntaksvis reknast ut frå 1,2 promille av årslønn eller ved skjønn. Tal timar skal framgå.
  • Prosjekt kan normalt ikkje kan få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre. 
  • Midlane skal m.a. gå til
    • Aktivitetar som støttar og rådgjev reiselivsbedrifter i ei krisetid, mellom anna om statlege tiltakspakkar og tilgjengelege tiltak for kompetanseheving
    • Tiltak der ein planlegg arbeidet med å få oppatt aktiviteten innan reiseliv, t.d. marknadsførebuande tiltak
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne
  • Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid   
  • Med tanke på den uvissa som rår no vert det opning for endring av innretninga på støtta innsats undervegs i arbeidet, etter godkjenning frå fylkeskommunen
  • 80 % av innvilga tilskot vert utbetalt så snøgt som råd, og resterande når det er rapportert for tiltaket
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • Midlane skal ikkje gå til kostnader som vert dekka av dei statlege tiltakspakkane