Reiselivsstrategi Vestlandet

Dei tilreisande til Vestlandet kjenner ingen fylkesgrenser når dei besøkjer fjordane og opplever ulike produkt på reisemåla i Fjord Noreg regionen. Landsdelen treng eit felles perspektiv på korleis Vestlandet som reisemål skal ivaretakast, styrkast og utviklast dei kommande åra. Vestlandsrådet avgjorde derfor å utvikle ein kortfatta, overordna og felles reiselivsstrategi for Vestlandet. Arbeidet med ein strategi for reiselivsnæringa var forankra i kvar av fylkeskommunane og i samarbeid med ei rekkje sentrale næringsaktørar.

I strategidokumentet er det definert innsatsområde for reiseliv innafor desse temaene:

  • Samferdsle
  • Lønsemd
  • Marknadstilgang
  • Heilskaplege opplevingskonsept
  • Effektiv organisering av fellesoppgåver

Måling og utvikling
 
Visjonen for reiselivsnæringa på Vestlandet er:
«Det mest berekraftige reisemålet i Europa, basert på lønsame og tilgjengelege naturopplevingar».
 
Hovudstrategien for utvikling av reiselivet i Fjord Norge-regionen fram mot 2020 er ei fokusert satsing på enklare kommunikasjon inn til landsdelen og ein saumlaus struktur for kommunikasjon i landsdelen. Dette med grunnlag i innbyggjarane sine behov, og dei reisande sine mål og behov for natur- og kulturbaserte opplevingar rundt omkring på Vestlandet. 
 
Delstrategiane vert kopla opp mot visjonen, og er i tillegg til hovudstrategien også viktige vegval for ei lønsam og berekraftig utvikling av reiselivsnæringa på Vestlandet.
 
1. Forsterka marknadsarbeid med større fokus på konvertering av gjestar/sal som resultat av velfungerande profilering. 
2. Auka satsing på forsking og kompetanseutvikling i samarbeid med aktørane og som gir grunnlag for strategiske val. 
3. Eit levande kulturlandskap er avhengig av aktivt landbruk. Særlege driftstilskot til bønder som driv aktivt landbruk/beitebruk i verdsarvområda må indeksregulerast og det må i tillegg kunne gjevast særlege investeringsmidlar til desse.