Reiselivsselskap i Vestland

Fjord Norge AS er landsdelsselskap for dei tre Vestlandsfylka. I Vestland fylke er det åtte destinasjonsselskap.

Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for dei tre Vestlandsfylka. I tett samspel med destinasjonsselskapa og næringa leiar dei det internasjonale marknadsarbeidet for Fjord Norge regionen.
 
I Vestland fylke er det åtte destinasjonsselskap. Dei jobbar tett mot reiselivsbedriftene, kommunane, Fjord Norge og andre berørte næringar og bedrifter i sitt område, både med marknadsføring og destinasjonsutvikling. 
 
Destinasjonsselskapa i Vestland er: Visit Sunnhordland, Hardangerfjord, Visit Bergen, Destinasjon Voss, Visit Sognefjord, Visit Fjordkysten, Sunnfjord Utvikling og Visit Nordfjord.