Reiseliv

Vestland fylke skal bli ein av dei fremste regionane i verda for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet.

Kvifor jobbar fylkeskommunen med reiseliv?

Vestland fylkeskommune satsar på reiseliv fordi reiselivsnæringa spelar ei viktig rolle for å ivareta og utvikle arbeidsplassar i fylket, samt for å halde oppe store og små samfunn. Overrislingseffektane frå reiselivet er ein sentral grunn til at fylkeskommunen satsar på reiseliv. Heilårsturisme og eit meir berekraftig reiseliv skal vere til det beste for både innbyggjar og besøkande. Betre lønsemd gir grunnlag for fornying og ringverknadane for andre bransjar er stor.

Størst i Noreg

Vestland fylke er det største reiselivsfylket i Noreg. I alt utgjer internasjonale gjestedøgn i Vestland fylke heile 21 % av internasjonale gjestedøgn i Noreg, og 66 % av alle internasjonale gjestedøgn i Fjord Norge-regionen (tal frå 2018). Noreg si sterkaste merkevare i utlandet er fjordane, og med landskapet mellom Hardangerfjorden og Nordfjord, med storebror Sognefjorden i midten og Bergen som drivar har vi eit landskap som vekkjer merksemd over heile verda. 

Prognosane frå UNWTO 2017 seier at tal reisande vil vekse sterkt dei neste 10 åra. Vi må sikre at vi tek i mot dei besøkande på ein god måte, slik at vi samtidig tek vare på samfunna våre. Vi må også sette oss i stand til å takle framtidig vekst. Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle og forvalte samfunnet på ein god og rett måte, og reiselivsnæringa er ein viktig del av målet om å ha lys i husa og levande samfunn. Med unike bygder, sterke regionar og pulserande byar har vi i Vestland eit sterkt reiselivsprodukt som ein del av Fjord Norge-regionen.

 

 

Foto: Via Ferrata, Loen, av Mattias Fredriksson