Organisering av reiselivet

Reiselivet i fylket vert organisert på regionalt nivå, fylkesnivå og landsdelsnivå.

Destinasjonsselskapa

Reiselivsbedriftene i Vestland er organisert gjennom medlemskap i regionvise destinasjonsselskap. Destinasjonsselskapa driv produktutvikling og marknadsføring av reiselivet etter følgjande regioninndeling: Visit Nordfjord, Sunnfjord Utvikling, Visit Fjordkysten, Visit Sognefjord, Destinasjon Voss, Visit Bergen, Hardangerfjord og Visit Sunnhordland.
 

Fjord Norge 

Den internasjonale marknadsføringa vert i hovudsak organisert på landsdelsnivå gjennom Fjord Norge AS. Både enkeltbedrifter og destinasjonsselskap er medlemmar i Fjord Norge. Fylkeskommunen er finansieringspart og medeigar i Fjord Norge As.
 

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge driv rådgiving og finansiering ovanfor den enkelte reiselivsbedrift. Innovasjon Norge leiar også aktørprogrammet som skal utvikle fleire reiselivsretta bedriftsnettverk i fylket. Hjå Innovasjon Norge er det muleg for bedrifter å søkje om støtte til miljøsertifisering av reiselivsbedrifter.
 

Fylkesmannen

 Fylkesmannen si landbruksavdeling driv satsinga på gardsturisme, mat og berekraftig reiseliv. Landbruksavdelinga leiar også berekraftgruppa som skal vere pådrivaren og faggruppa i fylket mot eit meir berekraftig reiseliv. Miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen forvaltar spørsmål knytt til næringsutvikling i verneområde.
 

Fylkeskommunen

Fylkeskommunen legg premissane for den langsiktige reiselivssatsinga i fylket gjennom politisk styring og planlegging. Fylkeskommunen er utviklingsaktør og støtte for andre organisasjonar og prosjekt og legg til rette for ein arena for samhandling.