Regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Arbeidet med å utvikle Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er i gang. Dette er ei informasjonsside om status for arbeidet.

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ein plan for heile Vestland fylke. Planen er fylket – ikkje fylkeskommunen – sin felles plan for innovasjon og næringsutvikling, det er såleis involvert svært breitt i utarbeidinga av plandokumentet.

Fylkespolitikarane har vedtatt planprogram for den regionale planen. Planprogrammet gir føringar for arbeidet i form av mål, tema, korleis organisere medverknad og organisering av arbeidet.

Status og organisering av arbeidet

Arbeidsgruppene er sette ned for å sikre involvering og medverknad av dei som planen gjeld for.

Arbeidsgruppene er bedne om å utarbeide framlegg til mål og strategiske arbeidsområde og strategiar:

  1. Kor vi ønskjer å vere i 2031 – overordna mål i tråd med mål og strategiar i utviklingsplanen
  2. Kva strategiske satsingsområde og strategiar vi må legge til rette for å nå måla.
  3. Kva vi kan gjere på kort og lang sikt og kva som bør gjerast i lag med andre planprosessar.
  4. Forslag til særleg viktige berekraftsmål. Ta utgangspunkt i berekrafts-måla som er definert i utviklingsplanen og legg eventuelt til andre som er særleg viktige, men vi må gjere eit utval.

Svært mange personar både i fylkeskommunen og i andre organisasjonar er no involvert i arbeidet med utarbeiding av planen. Det er sett saman arbeidsgrupper med brei representasjon innafor kvart plantema.

Arbeidsgrupper

Det er sett ned arbeidsgrupper knytt til dei fire plantemaa (sjå forklaring lenger nede på sida) med brei representasjon frå samarbeidspartnarar i fylket. Arbeidsgruppene er leia av:

Oversikt over medlemmar i arbeidsgruppene (PDF).

Tidsplan for arbeidet framover

Planprogrammet legg opp til endeleg vedtak av Regional plan for innovasjon og næring i fylkestinget i juni 2021. I etterkant av dette vedtaket har fylkestinget vedteke møteplanen for alle politiske utval for 2021. Vi har legg opp til følgjande plan for vidare handsaming av planen:

  • Hovudutvalet handsamar høyringsdokument: 12. januar
  • Fylkesutvalet vedtek å legge planutkastet ut på høyring: 20. januar
  • Høyringsperiode (tentativ): 25. januar – 15. mars
  • Høyringsfrist (tentativ) : 15. mars
  • Hovudutval for næring handsamar endeleg planframlegg: 26. mai
  • Fylkesutvalet handsamar endeleg planframlegg: 27. mai eller 14. juni
  • Endeleg vedtak i fylkestinget 16. og 17. juni

 

Planprogrammet peiker på fire plantema som både er kopla til FN sine berekraftsmål og til målformuleringar i utkastet til utvikingsplan for Vestland.

Regional plan skal i tråd med utviklingsplanen legge stor vekt på fornying for å møte framtida. Tre spørsmål er sentrale i planprogrammet og planprosessen:

  • korleis skal planen legge til rette for at vi kan ta i bruka heile Vestland
  • korleis ivareta viktige basisnæringar og leggje til rette for nye næringar med vekstpotensial
  • korleis utvikle berekraftige og smarte byar og lokalsamfunn

Det er også viktig å finne ein god balanse mellom korleis ein skal løyse kortsiktige utfordringar, samstundes som det vert peika på strategisk innsats på lengre sikt. Langsiktig tenking er ein føresetnad for:

  • å byggje opp kunnskapsinfrastruktur i form av forskingsmiljø og undervisningstilbod 
  • å forvalte naturressursane og å balansere bruk og vern

Evna til å snu seg rundt vert også viktigare fordi:

  • løysingar vert brått avleggs på grunn av teknologiutvikling
  • verdsøkonomien kan svinge brått

Dei fem berekraftsmåla – nr 8 anstendig arbeid og økonomisk vekst, nr 9 innovasjon og infrastruktur, nr 10 mindre ulikskap, nr 12 ansvarleg forbruk og produksjon og nr 17 samarbeid – er gjennomgåande i alle plantema. I tillegg vil kvart plantema også rette seg inn mot miljømål og sosiale mål.

Dei fire plantemaa

Planprogrammet skissert i dei fire følgjande plantema skal sikre både det langsiktige og evne til å justere kursen når det trengst:

  1. Omstilling og fornying
    1. Vidareutvikle og fornye det vi er gode på
      Omtalar kva vi er gode på, korleis ivareta viktige basisnæringar og legge til rette for verksemder med vekstpotensial. Under dette plantemaet blir det spesielt viktig å finne ut korleis ein no framover skal handtere konsekvensane av korona-pandemien. Det må utarbeidast eigne kunnskapsgrunnlag no og undervegs, eigne strategiar og handlingsprogram for dette arbeidet
    2. Smart spesialisering som metode for innovasjon og næringsutvikling
      Omhandlar smart spesialisering. Prioritering av innsatsen mot å finne dei nye og framtidsretta forretningsområda der dei sterke miljøa våre kan ta konkurranseposisjonar.

  2. Bergen som motor for innovasjon og næringsutvikling i samspel med resten av Vestland.
    Plantemaet har som føremål å legge eit grunnlag for å utvikle god dynamikk mellom Bergen og resten av fylket når det gjeld innovasjon og næringsutvikling. Andre regionale senter vil også spele ei rolle her. Eit godt samspel mellom senter og omland på alle nivå er viktig for å kunne ta heile fylket i bruk.

  3. Innovative samfunn og like høve til å delta i verdiskaping
    Det er viktig å ta vare på den sosiale dimensjonen i ein regional plan for innovasjon og næringsutvikling. Ikkje minst fordi innovasjon og næringsutvikling  skal bidra til og bygge opp under samfunnsutviklinga og såleis kan vere med på å ta vare på mangfaldet og motverke utanforskap.

  4. Arealbruk: Regional plan for innovasjon og næringsutvikling skal vere med på å utvikle retningslinjer for ei langsiktig og balansert utnytting av natur- og arealressursar Vestland. Dette gjeld både areal på land og dei landnære sjøareala. Gode kartleggingar av areal, verktøy for ei heilskapleg arealbruk og samordning mot andre planar er sentralt.

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Vestland sin regionale planstrategi - «Utviklingsplan for Vestland 2020-2024».

Fylkestinget legg til grunn at utviklingsplanen og vektlegginga av FN sine berekraftmål skal bidra til å styrke nærings- og folketalsutviklinga i fylket. Regional plan for innovasjon og næringsutvikling skal også medverke til ei berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at vekst og verdiskaping skjer innanfor forsvarlege rammer og sikrar viktige miljø- og naturverdiar.

Det trengs regional samordning for å stimulere til verdiskaping, fleire gründerar, vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø. Føremålet er å auke omstillingsevne og bidra til det «grøne skiftet» i næringslivet. Den regionale planen skal formulere mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

Samstundes må vi på kort sikt , i alle fall dei nærmaste åra, prioritere å handtere konsekvensane av korona-pandemien. Vi må kontinuerleg vurdere kunnskapsbehovet for å kunne møte dei utfordringane ein til ei kvar tid står overfor.

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ein plan for heile Vestland fylke. Planen er fylket – ikkje fylkeskommunen – sin felles plan for innovasjon og næringsutvikling, det er såleis involvert svært breitt i utarbeidinga av plandokumentet. 

Planen skal avspegle dei politiske prioriteringane gjort av fylkeskommunen i samarbeid med partnarskapen, der mellom anna i Næringsforum Vestland vil vere ein sentral møteplass. Sentrale aktørar i partnarskapen er Innovasjon Noreg Vestland, Fylkesmannen i Vestland, Fiskeridirektoratet Region Vest, NAV Vestland, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NHO Vestlandet, LO-sekretariatet i Vestland, KS Vestland, Bergen kommune og den regionale representanten for Noregs forskingsråd.

Frå fylkeskommunen deltek fylkesdirektør for Innovasjon og næringsutvikling, som også leiar næringsforumet.

Både regional og nasjonale politikk løfter fram dei 17 berekraftsmåla til FN som grunnlag for samfunnsutvikling og planlegging.

Berekraftsmåla er verdssamfunnet sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Desse er tatt med i arbeidet med ein utviklingsplan for Vestland fylke der den skal syne kva lokale moglegheiter dei globale berekraftsmåla kan gje oss.

Utviklingsplanen spissar dette i fire ulike målformuleringar som relaterer seg til ulike berekraftmål:

  • Mål 1: Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg
  • Mål 2: Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling
  • Mål 3: Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland
  • Mål 4: Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping

Under kvart mål er det utvikla fleire strategiar som skal bidra til at vi når måla.

Desse måla påverkar saman med eit breitt kunnskapsgrunnlag kva plantema som er fremma i høyringsutkastet til planprogrammet for innovasjon og næringsutvikling.