Maritim bransje

Tilskot til utviklingstiltak

Miljø og klima er sentralt for Vestland fylkeskommune. Det gjeld både i rolla som utviklar av maritim bransje og drivkraft for verdiskaping og regional utvikling, men og som som innkjøpar av sjøtransport i form av ferje- og hurtigbåttransport. Den maritime industrien er i omstilling og prega av endringar i marknaden, samt strengare krav og reguleringar knytt til bærekraft og reduserte utslipp av klimagassar.

Vestland fylkeskommune gjev i dag støtte til både maritime bransjenettverk og til konkrete miljø- og utviklingsprosjekt. Fokus er rein skipsfart i samarbeid med NCE Maritime Clean Tech nettverket og bransjesamarbeid i regi av bransjeforeininga Maritime Bergen.

Vestland fylkeskommune forvaltar midlar for medfinansiering av regionale utviklingsprosjekt og for prosjekt knytt til «grøn konkurransekraft». Alle søknader vert handsama elektronisk gjennom Regionalforvaltning.no.