Miljøseminar for akvakultur

Vestland fylkeskommune inviterer i februar kvart år til miljøseminar for akvakulturnæringa i Florø. Seminaret blir arrangert i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, Fiskeridirektoratet region Vest og Sjømat Norge.

Fylkeskommuen har sidan 2012 arrangert miljøseminar for akvakulturnæringa. Seminaret legg vekt på miljøspørsmål knytt til setjefisk og matfiskanlegg, til dømes tilrettelegging for berekraftig vekst i oppdrettsnæringa, ny oppdrettsteknologi og andre miljøutfordringar.

Målgruppa for seminaret er næringsutøvarar, akvakulturforvaltning, forskingsmiljø, kommunar, konsulentar og andre interesserte.