Fiskeri

Fylkeskommunen tildeler kvotar og forvaltar fiskerihamner.

Fylkeskommunen er opptatt av rekruttering til næringa. Vi har ansvar for tildeling av lærlingekvotar og skulekvoter, og prioriterer nytt opplæringsfartøy for vidaregåande opplæring. I tillegg har vi eit forvaltningsansvar for fiskerihamnene i fylket.             

Er du lærling på fiskebåt med godkjent lærekontrakt kan du søke lærlingkvote. 

Ordninga med læringekvoter følgjer kalenderåret og ikkje skuleåret. Søknad om lærlingkvote vedlagt lærekontrakt kan sendast fylkeskommunen innan 1. januar kvart år. 

Storleiken på lærlingkvota, og kva for fiskeslag det kan tildelast kvote på bereknast av Fiskeridirektoratet, på bakgrunn av tildeling frå Nærings- og fiskeridepartementet. 

Vidaregåande skular med opplæringstilbod innan fiskerifag kan søkje om undervisningskvote. 

Skulen sender søknad til fylkeskommunen før 30. juni kvart år. 

Søknaden må innehalde tal på elever og klassar det søkjast om undervisningskvote for.  

Alle fylkeskommunane sender sine vedtak om tildeling i sine fylker til Fiskeridirektoratet som kvart år bereknar kvoteeiningane. 

Deretter vil skulane få tildelt kvoteeiningar, men ikkje meir enn det er søkt om. 

Forskrift om undervisningskvoter.