Akvakulturforvaltning

Vestland fylkeskommune skal legge til rette for berekraftig næringsutvikling innan akvakultur og havbruk.

Vestland fylkeskommune handsamar søknader om løyve til nye oppdrettslokaliteter, endring på eksisterande lokaliteter i sjø og på land og tildeling av nye løyve til landbaserte anlegg for produksjon av laks og aure, andre marine arter enn laks og aure og tare. 

Konsesjonar til laks, regnbogeaure og aure blir med ujamne mellomrom tildelt frå Nærings- og fiskeridepartementet, men utløyser behov for melding eller lokalitetsklarering av fylkeskommunen.  

Søknad om særløyve, slik som visningskonsesjon, undervisningskonsesjon og FoU-konsesjon må sendast til Fiskeridirektoratet, men lokalitetar for drift av løyva vil i etterkant, etter søknad, bli klarert av fylkeskommunen.

 

Alle punkt i søknaden skal fyllast ut. Søkjar har ansvar for at søknaden inneheld alle naudsynte opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert til søkjar. Søkjar må syte for at søknaden blir lagt ut til offentleg innsyn og kunngjort. 

Søknaden skal stillast til fylkeskommunen som sender søknaden vidare til kommunen og sektorstyresmaktene for vurdering. Mattilsynet avgjer søknaden etter matlova. Kystverket avgjer søknaden etter lova om hamn- og farvatn, og Fylkesmannen si miljøvernavdeling avgjer søknaden etter forureiningslova. NVE avgjer søknaden etter vassressurslova. Fylkeskommunen gir til slutt ei samla vurdering om ein kan gi løyve etter akvakulturlova. 

Saksbehandlingsgebyret for å søkje om akvakulturløyve er 12 000 kr. Gebyret må vere betalt før søknaden blir behandla, og kvittering må leggjast ved. Ved søknad om samlokalisering skal det betalast eit gebyr per søkjar per lokalitet.  

Søknad om løyve til akvakultur av blåskjel og akvakultur med vasslevande plantar skal innehalde dokumentasjon som viser at søkjar har betalt eit depositum på kr 3 000 per omsøkt dekar. For søknad om løyve til akvakultur av vasslevande planter er det sett eit maksimalt tak på kr 200 000. 

For fiskarar som søkjer om løyve til oppbevaring av eigen fangst som ledd i akvakulturverksemd er gebyret på 3.000 kr. 

Endringar på lokaliteten som går utover gjeldande løyve, vil normalt innebere krav om ny søknad. I tillegg til sakshandsamingsgebyret vil det også bli kravd gebyr for saksbehandling etter forureiningsforskrifta. Fylkesmannen vedtar kva gebyrsats som gjeld for kvar enkelt søknad.